Nordring 2023

Nordring er eit inspirasjonskurs og ei kulturutveksling for ungdommar i alderen 18-25 år. Kurset rettar seg mot deg som vil fordjupe deg i nordiske folkedans-, og folkemusikktradisjonar i lag med jamaldra, dele dine eigne erfaringar og samtidig lære meir om dei andre nordiske tradisjonane.

Som deltakar må du vere førebudd på å formidle eller undervise i norsk folkedans, folkemusikk eller folkeviser frå Noreg. I tillegg til musikalsk og språkleg kulturutveksling, er det mykje fokus på å skape gode, sosiale opplevingar. 

Lære om den nordiske kulturen
Under Nordring vil du som deltakar få oppleve korleis den nordiske kulturen både liknar på og er ulike frå kvarandre. Korleis ser dei nordiske folkedans- og folkemusikktradisjonane ut? 
Kva gjer oss like eller ulike når det gjeld tradisjonar og språk?

Nordring blir arrangert året før NORDLEK-stemnet og går på rundgang mellom dei nordiske landa og sjølvstyrte områda i Nordlek-samarbeidet. Neste år er det Danmark som er vertskap for samlinga. Det er berre seks deltakarar, fire dansarar og to musikarar frå kvart land og sjølvstyrte område som får delta.

Kven kan delta?

  • Du må vere i alderen 18-25 år og anten drive med folkedans eller folkemusikk.
  • Du må vere medlem av Noregs Ungdomslag.
  • Du må vere interessert i å formidle norsk folkemusikk og folkedans, samt vere interessert i å lære meir om tradisjonane frå resten av Norden.

Erfaring frå undervisning/kursing er ein fordel.
 
Tid: 6.-10.april 2023

Stad: Team Bornholm Ferieby i Hasle, Danmark

Pris: 1 500 DK. Prisen inkluderer alt utanom reise til og frå Rønne, Bornholm (felles buss mellom Rønne og Hasle). Du kan til dømes søke lokallaget eller fylkeslaget ditt om støtte til å reise. 

Påmelding/søknad:
Noregs Ungdomslag vil gjerne sende seks ungdommar til Danmark.
Fyll ut dette søknadsskjemaet innan 20.desember 2022, viss du vil søke om plass.

Har du spørsmål? Ta kontakt med folkedansrådgivar Rita Sirirud Vatnehol på rita@ungdomslag.no. 

Dans Danmark, Folkedans ønsker velkommen til Nordring 2023! 

Vi informerer òg om at Nordring er eit rusfritt arrangement, og ein må reise heim umiddelbart viss ein nytar rusmidlar under samlinga. Nordring blir arrangert når minst tre land eller sjølvstyrte område har deltakarar. 

Her finn du meir informasjon om Nordring 2023