Å drive eit lokallag

Det finst ikkje noka standardoppskrift på korleis ein kan og bør drive eit ungdomslag. Det viktigaste er at medlemmene alltid har siste ord. Det er medlemmene som gjennom årsmøtet vedtar arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget skal ta, og som vel kven som skal styre laget. 

Kvart ungdomslag har lover eller vedtekter som medlemmene har bestemt, som fortel kva føremålet til laget er og som legg rammene rundt engasjementet og aktiviteten i laget. 

Andre nyttige dokument for deg som er tillitsvald:

  • Årsmelding skal leggast fram for årsmøtet i laget. Oppsummerar aktiviteten og engasjementet i laget det føregåande året.
  • Rekneskap frå føregåande år som er godkjent av revisor skal også leggast fram og godkjennast av årsmøtet.
  • Arbeidsprogram eller arbeidsplan blir vedtatt av årsmøtet og fortel kva område og aktivitetar ungdomslaget skal jobbe med det kommande året.
  • Budsjett blir vedtatt av årsmøtet og set økonomiske rammer for aktiviteten og engasjementet i laget det kommande året.
  • Fråsegn (resolusjon/uttale) blir vedtatt av årsmøtet eller styret i laget og tar ofte for seg kva standpunkt laget tar i ei politisk sak.
  • Ungdomslaget har gjerne også andre styringsverktøy som prinsipprogram, langtidsprogram og styringsføresegner.


I laget sit det eit styre som er valt av årsmøtet. Eit vanleg styre er samansett av leiar, nestleiar, kasserar, skrivar, studieleiar og gjerne andre personar som har ansvar for eit spesielt arbeidsfelt. Å bli samde om kva hovudoppgåver kvar enkelt styremedlem skal ha, er eit godt tips for at styret skal fungere godt. Har alle like stort ansvar for kvar einaste oppgåve, blir ofte ingenting gjort.

Årshjulet er eit godt verktøy for eit ungdomslag. Her kan laget skrive inn viktige gjeremål og aktivitetar for åra som kjem.

I januar kallar vi inn til årsmøte, og valnemnda og styret førebur seg på dette. Denne månaden startar kanskje aktiviteten opp i dansegruppa og i ungdomsklubben. I februar blir årsmøtet halde, og første møtet i det nye styret og i nemndene. I mars startar gjerne førebuingane av program til 17. mai. I april og mai er det dugnad i ungdomshuset og så bortetter. Blir alle kjent med årshjulet blir det lettare å planlegge heile året og sjå samanhengane mellom ulike aktivitetar.

Gjennom å ta verv i ungdomslaga, får du ei unik opplæring i demokrati, leiing og prosjektstyring og får vere med på å skape levande lokalsamfunn.

Sjå også sida Nyttige dokument.