Innhaldsrik samling på Fagdagane i bunad og folkedrakt

Den 12. - 13. september var det tid for Fagdagane i bunad og folkedrakt på Fagernes. Tema for desse dagane var "Korleis er bunaden meir berekraftig enn andre klede i garderoben?".

Fagdagane i bunad og folkedrakt er eit årleg arrangement i regi av Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet Kultur og Tradisjon.

Måndagen starta godt med eit innlegg frå handvevar Lise Skoug Obel om hennar arbeid med rekonstruksjon av historisk stoff. Deretter tok vi turen til ei varemesse som var sett opp i anledning Fagdagane. Her var det stands med alt frå tekstilprodusentar til dataspelutviklarar med historiske vinklingar.

Etter ei god runde på varemessa, fekk vi korte innlegg frå ulike aktørar, blant anna frå prosjektet med å nominere den allmenne bunadbruken i Noreg til UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Her fekk vi høyre om korleis det går med arbeidet, og litt om resultata frå spørjeundersøkinga om bunadbruk, som dei hadde ute i 2021.

I desse dagar skriv arbeidsgruppa til prosjektet sjølve søknaden. Den skal leverast til Kulturrådet i januar 2023. Dersom Kulturrådet tenkjer at søknaden er bra nok, blir den levert vidare til Kulturdepartementet, så er det dei som tek den endelege avgjerda på om søknaden skal bli sendt vidare til UNESCO eller ikkje. Dette fordi det er staten som er avsendar, og ikkje vi som jobbar med prosjektet.

"Er hovudplagg til bunaden viktig?"
På fyrste dagen av Fagdagane fekk vi òg høyre om prosjektet til Norsk Folkedraktforum "Er hovudplagg til bunaden viktig?". Målet med dette prosjektet er å få hovudplagg i aktiv bruk i samsvar med tradisjon gjennom rekonstruksjon frå tradisjonell draktskikk med den opphavlege håroppbindinga. Og håroppbinding fekk vi eit godt innblikk i. Frå scena fekk vi demonstrert korleis ein vippar hår og set på hovudplagg til Valdresbunaden (kvinne, ugift).

Målet med dette prosjektet er å få hovudplagg i aktiv bruk i samsvar med tradisjonen, gjennom å rekonstruere tradisjonell draktskikk med den opphavlege håroppbindinga.

Hav av bunadar
Så var det tid for festmiddag. Og kva er ein festmiddag på Fagdagane i bunad og folkedrakt utan eit hav av ulike bunadar? Før middagen fikk vi gleda av å sjå og fotografere alle dei som hadde stilt opp i bunad. Her var det bunadar frå heile landet, smilande og spreke, klare for å bli fotograferte.

Under festmiddagen var det både talar, allsong og bunadsparade. Her fekk vi moglegheiten til å høyre spennande historiar om bunadane folk hadde på seg. Ein telemarks-stakk sydd ferdig i går, og ei som hadde gløymd forkleet sitt heime, sydde seg like så greitt eit nytt i løpet av dagen.

Etter ei god natts søvn, var alle dei over 100 deltakarane klare for ein ny dag med fagleg påfyll. Vi starta dagen med utdanning og gode introduksjonar både frå Hjerleid og Edvard Munch Vidaregåande skole. Begge er skolar, av ulikt slag, som har linjer som gjer at du kan bli bunadstilverkar.

EU og miljømerking av klede
Så var det tid for å snakke om det som kanskje har vore mest prata om i bunadsmiljøet i år. Ingrun Grimstad Klepp og Tone Tobiassjon, damane bak kronikken "EU truer bunaden". Under innlegget dei heldt på Fagernes, snakka dei om manglar i metoden EU bruker for å vurdere om dei forskjellige materiale og tekstila er berekraftige.

Du kan lese meir om Eu og miljømerking av klede i denne artikkelen frå Arendalsveka: Derfor kjem bunaden dårleg ut når EU vil miljømerke klede

Vi fekk så besøk av politikar Linda Monsen Merkedal (AP) som sitt i energi- og miljøkomiteen. Det var ikkje til å stikke under ein stol at hennar hovudfokus no var straumkrisa, men at det framleis var viktig å jobbe mot EUs plan med miljømerking av plagg.

Fagdagane vart avslutta med ein god samtale mellom Linda Monsen Merkedal (AP), Helle Hundevadt (Hjerleid Handverksskole) og Ingun Grimstad Klepp der dei tok for seg utfordringane både innanfor utdanningsområdet og miljømerking av tekstilar.