Folkedanslag, teaterlag, barnelag eller noko anna?

Noregs Ungdomslag har lokallag over heile landet. Nokre lag har ein brei aktivitet som gjerne endrar seg frå år til år, medan andre lag har har spesialisert seg på ein type aktivitet. Det kan til dømes vere folkedanslag, teaterlag og barnelag.  Felles er gjerne at laga tilbyr opplæring, om det er i yoga, tradisjonshandtverk, motorsag, teatersminke, samdansteknikk eller lefsebaking.