Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag (NU) er ein kulturorganisasjon som skaper levande lokalkultur. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 14 000 medlemmer og 380 lokallag rundt om i heile landet.  

Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Medlemmene våre får høve til å utøve både tradisjonelle og nye kulturuttrykk, samtidig som dei lærer å organisere aktivitetane. Med det styrker vi òg samfunnet og demokratiet.

§ 1 Føremål: Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.