Barnlek 2023

Nordens største folkedans- og folkemusikkstemne for barn og ungdom 

12.-15. juli 2023 blir det Barnlek i Lerum i Västra Götaland i Sverige. Stemnet er for barn og ungdom i alderen 8-16 år. Det er mogleg å vere med for dei som er eldre også, men hovudmålgruppa er 8-16 år.

På Barnlek er det verkstader i folkedans og folkemusikk i tillegg til mange andre aktivitetar for målgruppa. Det er også mykje sosial dans og spel på kveldane. 

Følg med på nettsida og Facebooksida til Barnlek for fortløpande oppdateringar. Vi legg også ut informasjon om stemnet her så fort vi får det frå arrangøren.

De kan òg kontakte kulturrådgivar i Folkedans, Rita Sirirud Vatnehol på rita@ungdomslag.no dersom de har spørsmål.

Kven kan vere med? 

Barnlek er i all hovudsak eit stemne ein får delta på som medlemslag i Noregs Ungdomslag (NU), men det er også mogleg å delta for lag som ikkje er medlemmer i NU. Da kjem det ein ekstra kostnad i påmeldingsavgifta på ca. 500 SEK. Det kan derfor lønne seg å melde seg inn som medlem i NU i staden for å betale ekstra avgift til Barnlek-arrangøren.

Les meir om kontingent til NU her: http://www.ungdomslag.no/lagsteneste/medlems-og-lagskontingent/ og ta kontakt direkte på post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no dersom du vil melde deg inn som medlem i NU.  

På nokre stemne har det vore avgrensing i talet på deltakarar, men på Barnlek 2023 er det plass til alle som ønsker å vere med. 

Påmelding 

Påmeldinga opnar 1. desember i år, og siste påmeldingsfrist er 12. mars 2023. 

Ein melder seg på som gruppe når ein deltar på Barnlek. Alle grupper må ha ein gruppeleiar.  

Påmeldinga skjer slik: 

  1. Gruppeleiaren melder på gruppa 
  2. Gruppeleiaren mottar ei lenke/ ein referanse på e-post etter fullført påmelding av gruppa 

  3. Denne lenka/referansen sender gruppeleiaren til alle personane i gruppa

  4. Alle enkeltpersonar/foreldre melder på sin deltakar gjennom å bruke den tilsendte lenka/referansen ein har mottatt frå sin gruppeleiar 

Gruppeleiarane får beskjed kvar gong nokon i gruppa melder seg på, og har derfor god oversikt over gruppa si.

 

Pris og betaling 

Noregs Ungdomslag blir fakturert samla for alle dei norske laga som melder seg på. NU får faktura i løpet av våren før stemnet. Etter dette sender NU faktura til alle laga for deira kostnad før stemnet. Det blir vidare opp til kvart enkelt lag å sende ut faktura til kvar enkeltperson og å vurdere om ein skal dekke deler av kostnadane eller ikkje.  

Fordi all betaling til arrangøren er i svenske kroner, kan vi ikkje seie nøyaktig kva den endelege prisen blir før vi betaler fakturaen til arrangøren på våren. Laga vil bli fakturert med norske kroner med den kursen som gjeld den datoen NU betaler fakturaen til arrangøren i mai. 

Stemneavgifta i 2023 er 2400 SEK. Dersom du ikkje er medlem i NU, kjem det ein ekstra kostnad på 500 SEK. Inkludert i stemneavgifta er inngang på heile stemnet, overnatting på skole onsdag-søndag og mat onsdag frå lunsj til frukost på søndag. 

 

Meld deg som frivillig 

Barnlek har behov for mange frivillige, kanskje du vil bidra? Då kan du melde deg ved å ta kontakt med dei direkte. Det kjem nok også eit eige registreringsskjema etter kvart.

Reise 

Lerum ligg ca. 25 minutt frå Gøteborg, og det er enkelt å komme seg til Gøteborg med t.d. tog frå Oslo. Turen tar om lag 4 timar.  

Det kan også hende det vil lønne seg å gå saman om å leige buss, særleg for lag på austlandsområdet. Send gjerne ei melding til NU-kontoret dersom det er interesse for å ordne felles busstransport.   

Overnatting 

Overnatting skjer på klasserom på to skolar som ligg nærme kvarandre. Alle tar med seg eigen madrass, dyne og pute eller sovepose.  

Mat 

Mat er inkludert i stemneavgifta frå lunsj onsdag til frokost søndag. Dersom ein ønsker fleire måltid enn dette, kan ein bestille det i påmeldinga. 

Program

Norsk samdansprogram Barnlek 2023:

  1. Seksmannsril (dansast to gonger) - Lær dansen på Folkepedia (trykk her)
  2. Sorte ormen (dansast tre gonger) - Lær dansen på Folkepedia (trykk her)
  3. Halling - Lær deg element frå dansen på Folkepedia (trykk her)
  4. Klappdans (dansast to gonger) - Trykk her for å laste ned dansebeskriving, eller slå opp i den raude boka "Norske folkedansar: Turdansar".

 

Nordiske samdansar til BARNLEK 2023:

Det blir valgt ut ein samdans frå kvart land som ein kan øve på i forkant av stemnet. Dansane finn du ved å trykke her.

 

Her finn du meir informasjon om Barnlek.

Du kan også følge Barnlek på Instagram (@barnlek2023) og Facebook (Barnlek 2023).