GDPR i NU

Personvernerklæringa gjer greie for Noregs Ungdomslags (NU) si handtering av personopplysingar som blir samla inn for å kunne utøve våre tenester ovanfor medlemmer og andre vi jobbar med.
Du kan lese heile med å trykke på denne lenka.

Generalsekretær i organisasjonen er den som er ansvarleg for handsaminga om ikkje oppgåva er delegert. Førespurnad om innsyn, retting eller sletting av personalopplysningar kan gjerast ved å ta kontakt med NU-kontoret.

Medlemsskap
Er du medlem i eit lokallag i NU er du òg medlem i NU. Frå medlemmene våre hentar vi inn opplysningar om kjønn, namn, adresse, telefonnummer, fødselsdato og e-postadresse. Desse opplysningane er grunnlag for å rapportere på medlemstal for å ta imot offentleg tilskot til drift av organisasjonen. I tillegg treng vi kontaktinformasjon på medlemmer for å kunne gje eit tilstrekkeleg tilbod og informasjon knytt til medlemsskapet. Som medlem i NU samtykker du det organisasjonen brukar personopplysingar til, slik som medlemsblad, nyheitsbrev, invitasjonar til arrangement med meir. Dette kan du administrere på din profil under dynamisk data på medlemsregistret Hypersys: https://ungdomslag.hypersys.no

NU oppevarer informasjon om medlemskap i fem år i samsvar med rapporteringskrav.

E-post
Du kan sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør difor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Om vi tek imot ein slik e-post, handsamar vi e-posten i samsvar med innhald og sletter han med ein gong.

Nyheitsbrev
Som tillitsvalt i eit lokallag eller fylkeslag får du nyheitsbrev frå oss. Berre dei som har e-postadresse i medlemssystemet Hypersys får tilsendt nyheitsbrevet. Adressa lagrast i ein eigen database, delast ikkje med andre og e-postadressa slettast når den ikkje lengre er aktuell. 

Bruk av informasjonskapslar (cookies)
Heimesida til NU, www.ungdomslag.no,  brukar informasjonskapslar for samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. NU brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane inneheld ikkje personopplysningar. Dei seier noko om talet på besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker. Du kan sjølv forhindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskina di ved å endre innstillinga i nettlesaren.

Påmelding kurs og arrangement
Det er mogleg å melde seg på kurs va nettsida og nyheitsbreva våre. Knytt til dette samlar vi informasjon som namn og kontaktopplysningar i tillegg til allergiar og behov for tilrettelegging. Desse opplysningane blir ikkje brukt til andre formål enn å administrere arrangementa, statistikk og søkje om tilskot. Vi innhentar eigne samtykke for å kartlegge interesse og ønske om å ta imot invitasjon til nye arrangement. 

Utlevering av personopplysningar til tredjepart
NU utleverer ikkje personopplysningar til andre, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter. Unntaket er adresseopplysningar til Flisa Trykkeri AS, som distribuerer medlemsbladet Ungdom til dei som har samtykka på å få dette i posten.

Rutinedokument for handtering av personopplysningar kan du laste ned med å trykke på denne lenka