– Alle ungdommar burde vore med på Ungt Demokrati

Marit Kvamen er i dag 28 år og leiar av Bergen Ungdomslag Ervingen. Ho sit òg som varamedlem i NU-styret sentralt. I 2018 var ho nyutdanna lærar og deltok på pilotprosjektet Ungt leiarskap, forgjengaren til Ungt Demokrati.

– Eg synest eigentleg alle ungdommar burde vore med på Ungt Demokrati, seier Marit Kvamen (28 år).

Ho var med på det første året av kurset som i dag heiter Ungt Demokrati. Ho var nettopp ferdig utdanna lærar, og vart oppmoda av andre om å melde seg på. Sjølv var ho ganske skeptisk. 

– Det høyrdest ut som fleire dagar med studium i sommarferien òg. Men da eg kom dit, var det heilt annleis enn eg hadde trudd, minnest Marit.

–  Det er på ein måte eit år på folkehøgskole gjort på sju dagar. Du blir veldig godt kjent med deg sjølv, men òg med dei andre på kurset. Du får nokre gode venner, som kan vere støttespelarar om du kjem i situasjonar seinare der du treng støtte eller hjelp.

Praktiske oppgåver

Første dagen av kurset hadde Marit og dei andre deltakarane mange bli kjent-leikar og praktiske oppgåver dei måtte løyse saman. 

– Da vart vi veldig godt kjende med kvarandre. Det likte eg veldig godt. Vi hadde ein del oppgåver som var veldig samansveisande, fortel ho. – Når kurset var ferdig for dagen, hang vi resten av dagen med dei vi var på kurs med, minnest ho.

Marit oppdaga fort at det var eit kurs der deltakarane var veldig aktive sjølve.

– Det var forelesningar òg, men det var gjort på ein veldig fin måte. Dei snakka òg om mykje personleg. Dei var opptatte av at vi skulle finne ut kva mennesketypar vi var, at vi skulle finne ut kva mennesketypar det var lurt at vi hadde rundt oss i liva våre, folk som kanskje var litt annleis enn oss sjølve. "– Kven har du som du kan støtte deg på så du ikkje treng å stå åleine?", fortel ho.

Har god nytte av det ho lærte

I dag jobbar Marit som lærar. Ho fortel at det ho lærte på kurset, har ho med seg både i jobben, i NU-verv og på fritida.

– Det var og mykje medmenneskeleg kunnskap som eg synest har vore fint å tatt med seg vidare i både verv i Noregs Ungdomslag, men som òg har vore veldig nyttig i jobben som lærar. Eg har vore litt danseinstruktør for barn her i Bergen, og her har eg òg hatt nytte av det eg lærte på kurset.

Det var veldig sosialt, men òg veldig lærerikt. Ikkje bokformat lærerikt, men menneskeleg lærerikt, summerer ho. 

– Eg vart veldig godt kjent med meg sjølv, og lærte meir om kven eg er og kor grensene mine er. Eg vart litt tøffare. Eg lærte at det er greitt å seie nei og at eg må ta omsyn til meg sjølv og kva eg kan klare. Ingen har rett til å bli sur eller skuffa om du seier nei. Det var nyttig for meg, for det var eg ikkje så flink til det sjølv. No har eg iallfall vorte flinkare.

– Generelt var det eit veldig dannande kurs – at ein blir eit sterkare menneske av å vere med, følte eg. 

Kursleiarane

Gard Hongslo er ein av dei som skal vere instruktør i år. Han var òg instruktør det året Marit deltok. 

– Gard var veldig flink å sjå oss som enkeltpersonar – han er god på å bli kjent med deg og å sjå kva type menneske du er. Han var ein veldig trygg og påliteleg og lojal person å vere rundt. Vi hadde òg litt individuelle samtalar med dei som heldt kurset, der vi reflekterte litt, seier Marit. 

Undervegs i kurset fekk dei òg nokre forelesningar der dei lærte om forskjellige mennesketypar og hersketeknikkar.

– Eg synest dei formidla teori på ein veldig god måte. Dei fortalte eksempel frå eigne liv. og det gjorde at du føler òg at du blir veldig godt kjent med kurshaldarane, fortel Marit.

Måtte reflektere

Marit likte godt heilskapen i kurset. Men det som gjorde mest inntrykk på henne, var oppgåver der ho måtte reflektere over eige liv og seg sjølv som person. 

– Den øvinga eg likte best, var å skrive liste over eit gitt antall personar som hadde forma meg til den eg var i dag. Da måtte eg setje meg ned og reflektere over livet mitt. 

– Først tenkte eg på dei som har forma livet mitt i positiv forstand; foreldre og ein god vennekrets. Men så kom eg på –han eine i til dømes ungdomslaget som alltid er ueining og stiller kritiske spørsmål, som gjorde at eg nesten fekk klump i magen av å tenke på at eg kanskje kom til å få eit spørsmål som var vanskelege å svare på. Plutseleg forstod eg at den personen òg har gjort at eg stiller meir førebudd. Eg såg at eg har nok kunnskap og er god nok til å stå i dei vanskelege situasjonane. Dei personane som gir oss motstand, er òg med på å forme oss som menneske og gjer oss sterkare. Det var òg fint å tenke på. 

– Sjølv om det er fint å ha gode støttespelarar, lærte eg òg å setje pris på dei som kan utfordre òg.

– Da eg kom tilbake til ungdomslaget heime, såg eg dei som utfordra meg, i eit litt anna lys. Det gjorde kanskje at dei òg opplevde å bli møtt på ein meir verdig måte. 

Marit lærte at dei som gir motstand, òg er viktige for demokratiet og for organisasjonen. 

– Vi treng òg dei som er kritiske og utfordrar. Det var positivt at eg fekk eit litt anna syn. Tidlegare var eg redd for at den og den skal komme på årsmøtet fordi eg kunne få motstand. No ser eg meir positivt på å bli utfordra, sjølv om dei kanskje set meg fast av og til.

– Eg tenker at kurset passar for alle, uansett kven du er. Alle skal ha ein jobb til slutt i livet. Og i ein vennegjeng er det fint å vere trygg på seg sjølv. Kurset handlar sjølvsagt om organisasjonen, men òg om samfunnet. Eg synest alle burde delta på Ungt Demokrati, avsluttar Marit.

Les meir om Ungt Demokrati og finn lenke til søknadsskjema her