Medlemsfordelar

Du får fleire fordelar ved å vere medlem i Noregs Ungdomslag:

  • 20 prosent rabatt på billettar på Det Norske Teatret i Oslo:
    Bruk rabattkode medlem for bestilling. Rabattkoden gjeld for to billettar per medlem. Ut 2022 er det òg mogleg å bruke rabattkoden nu2021.
    Ein kan bestille billettar på nettsida til Det Norske Teatret ved å legge billettar med ordinærpris i handlekorga, og så taste inn kampanjekoden medlem eller nu2021. Da vil billettane endre seg til rabatterte billettar.
  • 20 prosent rabatt på Comfort, Quality og Clarion-hotell i Noreg. Bruk rabattkode 66457 ved reservasjon på www.nordicchoicehotels.no 
  • 15 prosent rabatt på hotellkjeden De Bergenske i Bergen. Bruk rabattkode NORUNG456 ved reservasjon på https://www.debergenske.no
  • 15 prosent på rekneskapsprogrammet Fiken. For å nytte medlemsfordelen oppgir du Norges Ungdomslag og medlemsnummeret ditt ved bestilling.
  • 10 prosent rabatt på Heimen Husfliden. Rabatten gjeld ikkje for sying av bunader, bestillingsvarer eller salsvarer. For å få rabatten må ein vise fram gyldig medlemskort i kassa.
  • 15 prosent rabatt på Hotell Bondeheimen i Oslo. Vis til medlemskap ved booking av rom på telefon eller e-post.
  • 15 prosent rabatt på Kaffistova i Oslo. Vis fram medlemskortet ved betaling.
  • 15 prosent rabatt på teatersminke og spesialeffekter i nettbutikken Kostmask.no. Ta kontakt med NU-kontoret for å få tilsendt rabattkode.

I tillegg får medlemmane medlemsprisar på kurs, seminar og festivalar som NU arrangerer. Alle medlemmar over 14 år får medlemsbladet Ungdom med årsmeldinga og reportasjar i posten ein gong i året, i god tid før landsmøtet, medan medlemmar under 14 år får Norsk Barneblad tilsendt fire gongar i året. For å få Norsk Barneblad tilsendt, må ein registrere i medlemsregisteret Hypersys, at ein ønskar å få det tilsendt.
 
Vil du bli medlem?

Send ein e-post til post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no