Norsk Barneblad

 

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad er eit blad for deg som er frå 8 år og oppover. Alle NU-medlemmar under 14 år får Norsk Barneblad tilsendt i posten.

Bladet kjem ut fire gongar i året - men ikkje i sommarferien. Kvar jul kjem Juletre, som er eit eige julenummer, gratis tilsendt i posten.

I kvart nummer kan du lese

  • norske teikneseriar som Hanna, Smørbukk, Skulen og Annika
  • aktuelle reportasjar og artiklar
  • forteljingar
  • hobbystoff og ting du kan lage sjølv
  • musikkstoff
  • kryssord og vitsar
  • eiga diskusjonspalte for lesarane, Ordskifte
  • fakta og dyrestoff
  • quiz
  • du kan sende inn dine eigne forteljingar, vitsar, hobbytips og få det på trykk

Har du lyst å sende inn stoff til Norsk barneblad, er mailadressa: post@remove-this.barneblad.remove-this.no