Tor Stallvik er tildelt kongens fortenestemedalje

I fjor vart han heidersmedlem i Noregs Ungdomslag. No får Tor Stallvik kongens fortenestemedalje "for sin langvarige, omfattande og gode innsats for frivillig kulturliv, særleg knytt til norsk folkedans og folkemusikk".

– Det er jo ei ære, sjølvsagt. Det har ikkje vore i mine tankar at noko sånt skulle skje. Eg fekk ei overrasking da eg vart heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i fjor. Så det er mykje på ein gong, seier Tor Stallvik.

Det var i førre veke at Stallvik fekk ein telefon frå ordføraren i Ørland. Da fekk han vite at han skulle bli tildelt Kongens fortenestemedalje fredag 25. mars på Ørland kultursenter. Fredag overrekte fungerande ordførar i Ørland medaljen, med både kommunedirektøren, tidlegare kollegaer og representantar frå FolkOrg og Noregs Ungdomslag, og familie til stades.

Stallvik har i fleire tiår vore ein sentral person innan norsk folkedans og folkemusikk, og har vore sentral som kurslærar i Noregs Ungdomslag i ei årrekke. Det var Erik Haugros i Leikarringen Symra i Oslo og Ingrid Tuko i Folkedanslaget Sølja på Hamar som nominerte Stallvik til utmerkinga "for sin langvarige, omfattande og gode innsats for frivillig kulturliv, særleg knytt til norsk folkedans og folkemusikk". 

Det har ikkje vore vanskeleg å få støtteerklæringar til dette forslaget. "Sjølvskriven leiar, trygg miljøskapar, stor pedagog, karisma, varme, sakkunnskap, formidlingsevne og visjonar, er ord som blir brukte når folk som kjenner Stallvik, skal beskrive han.

Sjølvskriven leiar og trygg miljøskapar

Stallvik fortel at han fekk vere med i ungdomslaget i ein periode da NU var veldig aktivt. 

– Det skjedde mykje. Eg fekk høve til å vere med og sjå korleis organisasjonen vaks og korleis vi takla ulike ting, fortel han.
 
Geir Egil Larsen frå Verdal har kjent Stallvik frå samarbeid i folkemusikk- og folkedansmiljøet sidan slutten av 60-talet, og rosar Stallvik både som menneske og fagperson. Han omtalar Stallvik som både ein sjølvskriven leiar, trygg miljøskapar, og som ein stor pedagog som alltid har vore godt førebudd og til stades med naturleg autoritet.

– I årevis hadde eg gleda av å samarbeide med Tor Stallvik på tallause dansekurs og ulike seminar. Vi sat også i lag i ulike råd og utval innan norsk folkemusikk og folkedans, der Tor gjerne hadde leiarfunksjon. I alle samanhengar var han alltid godt budd og framstod med naturleg autoritet, fortel Larsen.

– Tor Stallvik var alt i 1969 den etablerte danseinstruktøren. Men ikkje berre danseinstruktør. Han var den sjølvskrivne leiaren i miljøet og den trygge miljøskaparen. Som dansar var han stildansaren og det store førebildet, skriv Larsen vidare.

I tillegg til dette framhevar han òg at Stallvik har hatt stor betydning for songdansen. 

– Han er ein filolog med stor kunnskap om den norske folkevisetradisjonen, noko Stallvik har formidla med engasjement som har gjort at fleire fekk ei større forståing av denne songskatten og kulturarven.

– Kombinerer karisma og formidlingsevne

Egil Bakka, Professor emeritus i dansevitskap ved NTNU, er òg ein av dei som har hatt glede av å samarbeide mykje med Stallvik, og meiner Stallvik er ein høgst fortent mottakar av medaljen.

– Tor er ein høgt verdsett og inspirerande instruktør og leiar. Han kombinerer karisma, varme, sakkunnskap formidlingsevne og visjonar  som set han heilt i ei særstilling frå om lag 1970 og framover. Han er atterhalden når det gjeld arbeidet sitt, og har difor ikkje alltid fått den merksemda og den æra han fortener, skriv Bakka. 

Om arbeidet

Stallvik er født i 1941 og kjem frå Bjugn i Trøndelag. Han har utdanning i engelsk mellomfag og historie grunnfag frå Trondheim og hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo. Han har vore lektor ved fleire skolar, og rektor ved Fana Folkehøgskule i 1971 -80 og ved Klones vidaregåande skole i 1990 -2005. Som pensjonist har han flytta til heimstaden sin.
 
Stallvik har hatt mange verv innafor norsk folkedans heilt frå 70-talet fram til i dag. Han har i fleire år vore leiar for Nordleikrådet i Noregs Ungdomslag, leiar i Rådet for folkemusikk og styremedlem i FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Han er instruktør innanfor alle greiner i norsk folkedans. 

Ei av dei store oppgåvene han har hatt, var da han i 1994 hadde ansvaret for folkedanseinnslaga under opningsseremonien i OL på Lillehammer, saman med Rasmus Stauri. Under seremonien viste 250 dansarar og musikarar frå Gudbrandsdalen fram norsk folkekultur for heile verda.

– Eg hadde ansvaret for å reise rundt i Gudbrandsdalen for å pusse opp springleiken for å bruke det i opningsseremonien på Lillehammer. Det var ei kald og artig fornøyelse, minnest han.

Songdansar og turdansar

I lag med Egil Bakka, Ole Ekornes, Kåre Herdlevær, Liv Midttun og Turid Mørk Øfstaas har Stallvik omarbeidd og utvida  boka Norske folkedansar – songdansboka (1985). Dei same personane har saman med Dag Vårdal omarbeidd og utvida Norske folkedansar – turdansboka (1991). Begge desse bøkene er viktige kjelder for folkedansarar og folkemusikarar i Noreg.  

– Folk var opptatte av dette med revisjon av desse bøkene, og det var samla store grupper da vi hadde seminar om det. Så det var veldig aktuelt, fortel Stallvik. 

Han har òg laga songdansheftet «Danse mi dokke mæ du æ ung», og har vore med på å omsetje Torbjørn Egner sine lesebøker til nynorsk. Han har skrive ei rad artiklar i ulike skrifter.

I 1983 starta han på Norddalsarkivet i Gudbrandsdalsmusea, og har vore arkivleiar heilt til 2015.

Historisk interessert

Stallvik sjølv fortel at han har vore interessert i folkekultur heilt frå han var liten, da han vaks opp i det som i dag heiter Bjugn. 

– Eg brukar å seie at det at eg måtte byrje å bruke briller som sju-åtteåring, gjorde at eg ikkje kunne spele fotball. Eg var meir opptatt av å snakke med gamle folk. Der eg budde var det 90-åringar i omtrent alle husa. Eg vart opptatt av å samle lokalhistorie og denslags. Og eg hadde andre i nærleiken som var veldig opptatt av bygdehistorie og slektshistorie. 

Han gjekk leikkurs første gong da han gjekk realskolen, prøvde seg som instruktør første gong som 17-åring, gjekk vidare på kurs på gymnaset og heldt fram å instruere. Sidan har det vorte mange lag og mykje instruksjon.   

Folkedansinstruktør Siri Mæland representerte Noregs Ungdomslag under tildelinga. For henne er instruksjonen til Stallvik noko av grunnen til at ho sjølv vart instruktør.

– Stallvik har verkeleg bidratt til eit folkedansfagleg trøkk i NU og i folkedans-Noreg generelt. Innsatsen hans er betydeleg – både som pedagog og fagperson innan folkedansfeltet og ikkje minst som samlande  drivkraft for miljøet nasjonalt. Han har engasjert seg om og om igjen i NU lokalt og nasjonalt, og også i FolkOrg. Han har lært opp minst tre generasjonar folkedansinstruktørar, og dermed  bidrege til folkedansing over heile landet, seier ho.

Ringen er slutta

Til slutt spør vi Stallvik om han har nokon minne som har vore ekstra kjekke gjennom tida han har jobba for folkemusikk og folkedans.

–Når eg ser tilbake på det, så gler eg meg over alle dei menneska eg har treft. Og alle dei gode vennskapa. Det er godt å sjå tilbake på. Og interessa for folkedans- det gjekk hand i hanske med mi interesse for lokalhistorie og for folkekultur i det heile. 

Etter mange vaksne år busett andre stader i landet, både på Austlandet og i Gudbrandsdalen, har Stallvik og kona Randi no flytta tilbake til hans barndoms trakter i Bjugn. Der er han tilbake som instruktør i lokallaget Ørland UL, der han først gjekk på kurs sjølv. På eit vis er sirkelen slutta.

– Vi er ikkje ein ung sprek gjeng lenger, men det var i det laget eg fekk mi første instruktøropplæring, og eg er instruktør her no da eg kom tilbake. Vi møtast kvar søndag og har det triveleg, fortel Stallvik.

Utmerkingar: 
RFF-prisen (Rådet for folkedans og folkemusikk) (1997)
Norsk Folkemusikkfonds pris for sitt allsidige arbeid innan norsk folkedans (I 2002).
Norges Vel sin medalje for lang og tro teneste (I 2016)  
Heidersmedlem i Noregs Ungdomslag (2021)
Heidersmedlem i Vågå spel- og dansarlag