Bli med og dans!

Under HAVLEIKUR på Færøyane har Noreg ansvar for å leie fem danseøkter fordelt på tre kveldar. At nokon leiar dansen, kan gjere det lettare for fleire å bli med.

Songdans, turdans, runddans og bygdedans – same kva for dans som gjeld på dansegolvet, så kan det vere lettare å slenge seg med viss nokon tek styringa og leiar deg gjennom dansen.

Danseleiing er kjent for dei fleste som driv med folkedans både i og utanfor Noregs Ungdomslag. På dansefestar og andre arrangement kan det vere lagt opp til økter der nokon leiar dansarane gjennom eit sett med dansar, i tillegg til at ein har økter med fridans. 

Oftast dansar med faste formar som blir leia

Som oftast er det dansar med meir faste formar, slik som turdans og songdans, som blir dansa i dei leia danseøktene, men det er også mogleg å leie ei økt med til dømes runddans eller bygdedans. I desse øktene handlar det gjerne om å berre henge med på det danseleiarane gjer i god «hermestil». Slike økter kallar vi òg «heng-på-dans».

I samanheng med kurs og øving, er ein van med å bli vist korleis ein dans skal bli dansa, men ein må ikkje forveksle danseleiing på fest med danseleiing på øving eller kurs. Målet er ikkje først og fremst å lære bort nye dansar til dei som er på golvet, men å ta styringa på kva som skal bli dansa i den økta.

Ein repeterer gjerne ikkje dansen mange gonger, slik ein ville gjort på kurs, men ein forklarar dansen undervegs, viser kva ein skal gjere og lar dansarane henge med så godt dei kan. Mange av dei som deltek i danseøkta, vil nok ha kjennskap til dansane frå før av, medan andre ikkje kjenner dansane like godt. Då er det fint å kunne støtte seg på danseleiaren og dei røynde dansarane på golvet.

Danseleiinga går på omgang mellom landa

Under stemne i Nordlek-regi er det tradisjon for å la danseleiinga gå på omgang mellom dei ulike landa. Enkeltpersonar, par og grupper melder si interesse og takkar gjerne ja til å leie ei økt under stemnet. Dette blir sjølvsagt gjort på dugnad og er eit fint høve for den enkelte til å plukke ut sine favorittar i eige repertoar og til å bidra til å spreie danseglede i salen.

Ekstra kjekt er det på dei nordiske stemna der dansarane får høve til å bli kjent med og vere med på dansar frå dei ulike landa som er representerte. Desse leia danseøktene er også ei fin moglegheit å vise fram dei ulike dansetradisjonane mellom landa, i tillegg til at ein sjølvsagt også får sett kva for slektskap som finst mellom tradisjonane. 

For slektskapet finst, sjølv om ein gjerne tenker på mange av dansane som særeigne for eige land. Danseformer og dansetradisjonar kan bli utgangspunkt for mange interessante samtalar utanfor dansegolvet eller når musikken har pause. 

Klara Semb

Som Klara Semb så fint uttrykker det om turdansen i ein artikkel frå 1924: “Farande sveinar førde dansane fraa land til land og kvar dei kom gjekk dei gjennom ei ny utvikling. Kvart land sette sitt merkje på dei. Nei so rike er vi ikkje, at vi har raad til aa kasta alt dette.

Andre har laant fraa oss, vi fraa andre. Vi har teke det upp i oss, har melta det heilt og fullt, so heilt at dansane har faat sersvip i dei ymse bygder. Det er vaart no. Norsk lynde har skapt det um. Folket vaart har sett sitt stempel paa det. Soleis som vi dansar desse dansane, soleis dansar ingen andre dei.” (Semb 1924, Er turdansane vaare norske?, i Leikarvollen, For Bygd og By s.101). 

Slektskapet gjer dansen lettare

Sjølv om kvart land har sett sine særpreg på dansane, så er det kanskje slektskapet og det kjente som gjer at dei leia danseøktene fungerer så godt på stemne i Nordlek-regi. Ein norsk dansar kan henge med på færøyske og svenske dansar, like godt som ein finne kan henge med på dei norske og danske dansane. 

(Kunne du tenke deg å dykke litt ned i turdans-, eller songdanstradisjonen i Noreg, så er det mykje god informasjon å finne i bøkene til Klara Semb – “Norske Folkedansar - turdans” og “Norske Folkedansar - songdans". (https://www.sommarleiren.no/nubutikken2) )

Noreg skal leie fem danseøkter

Under HAVLEIK har Noreg ansvar for å leie fem danseøkter fordelt på tre kveldar. Under desse danseleiingane blir det leia både turdans, songdans, stordans og bygdedans i “heng på”-stil. Dansekveldane finn stad i ein av to salar på Nordens Hus i Tórshavn og er opne for alle stemnedeltakarar. 

Ei gruppe norske spelemenn-, og kvinner vil sørge for god musikk slik at dansen driv godt over golvet. Den same gruppa musikarar har også takka ja til å leie ei økt med dansespel etter gallamiddagen laurdag kveld. 

Leia dans og heng-på-dans er enkle og gode metodar som senker terskelen for å vere med å svinge seg. På NORDLEK 2024 i Arendal blir det mykje av dette, og mykje meir. Kanskje det er du som blir med i dansen neste gong?