Ei veke i musikalane si verd!

Mjøsspirene, eit nyoppretta ungdomslag utanfor Gjøvik i Innlandet, har i 2023 for første gong stått som arrangør av sommarmusikalskulen Musikalenes Verden. Det er på langt nær første året sommarmusikalskulen har funne stad, for neste år er dei klare for å feire sitt 20 års-jubileum.  

Ideen til Musikalenes Verden er det kunstnarisk leiar Heidi Harriet som står bak. Den kom etter erfaringar med å sjå barn og ungdom stå på ei scene utan å skikkeleg kunne det dei skulle gjere.  

- Vi tek ungane på alvar, fortel Heidi. 
- Vi vil ikkje at nokon skal behøve å gå opp på ei scene og føle at dei ikkje kan det dei skal vise fram, legg ho til og fortel at dei er veldig opptekne av fellesskap og tryggleik. 

For dei som ikkje kjenner til Musikalenes Verden, så er det ei dryg veke med sommarskule for barn og ungdom. I år er yngste deltakar åtte år, medan eldste deltakar er 28. Den yngste gruppa, ministjernene, er rekordstor i år og mange av dei litt eldre deltakarane har vore med fleire gongar tidlegare. Det både lovar godt for rekrutteringa av nye deltakarar og er eit kvalitetsstempel på prosjektet.  

Etter 19 år med sommarmusikalskule har dei som driv prosjektet sett ei god utvikling. Ikkje berre fyllar dei dei drygt 60 deltakarplassane, men nivået har auka. 

- Det er mellom anna fordi vi jobbar så intenst og målretta gjennom ei heil veke, forklarar Heidi. 
- Både deltakarar og instruktørar hamnar i ei musikalboble der ein berre fokuserer på det ein skal lære og stenger resten av verda ute, legg ho til. 

I tillegg er Heidi oppteken av at det skal vere høg kvalitet og profesjonalitet. Ikkje berre på instruktørane, men også på rammene rundt og sluttproduksjonen, som er eit musikalshow. Det betyr at det blir stilt krav til deltakarane om å vere kopla på og bruke veka si godt til å øve inn det dei skal kunne.  

- Det er viktig å øve. Da kan du klare kva som helst!, uttrykker Heidi, og legg til at dei er opptekne av at ungdommane ikkje skal undervurdere seg sjølve og kva dei kan. 

Prosjektleiarane presiserer at barn og ungdom er velkomne som deltakarar uansett nivå og erfaring, men at det er lurt å ha ei interesse for song og dans.  

- Dei som er med på Musikalenes Verden får oppleve korleis det er å vere musikalartist, forklarar Heidi.  
- Dei får lov til å stå fremst på scena og skine, og dei kan få lov til å vere gode utan at nokon kjem med jantelov, seier ho.  

År etter år etter år... 

Dei fleste deltakarane kjem frå områda rundt Gjøvik og Toten, men jungeltelegrafen om Musikalenes Verden har også nådd ungdom utanfor distriktet. Mange av ungdommane har vore med fleire gongar tidlegare. Ei av desse er Amalie Strande Kjeldsrud (27) frå Raufoss. Ho er ei av dei eldste på årets sommarmusikalskule og var med for første gong i 2008.  

Amalie kan fortelje at ho har ei stor interesse for musikalar, ei interesse som vaks etter at ho var med på Musikalenes Verden dei første gongene. Den vaks såpass mykje at ho tok utdanning som musikalartist. Det er ho for så vidt ikkje åleine om å ha gjort blant deltakarane. 

- Det eg likar best med Musikalenes Verden er at det er eit veldig godt og unikt miljø her. Det er inkluderande uavhengig av alder. Alle kan lære noko av dei andre og alle er ivrige etter å lære nye ting, fortel Amalie.  

Som røynd deltakar på sommarmusikalskulen har Amalie dei seinare åra også hatt frivilligoppgåver. I år har hovudoppgåva vore å vere med på å omsetje engelske songtekstar til norsk, men ho hjelper også til med småoppgåver der det trengst.   

Andre som har vore med fleire år tidlegare, er Vilde Bjerke (16) frå Gjøvik, Aurora Fauchald Strand (15) frå Oslo, Lea Selmer Løken (16) frå Gjøvik og Henny Oline Flø Haugli (15) frå Bærum.  

Når det blir spurt om kva som gjer at dei kjem tilbake år etter år, så er dei samstemte i svara sine. Dei fortel at det gir dei mykje meistring å vere med på MV, at det er eit godt sosialt miljø og at dei synast det er kjekt å både treffe igjen vennar frå tidlegare år og å bli kjent med nye.  

- Og så er det eit høgt nivå her, fortel Aurora.  
- Det er mange som vil lære mykje og det er veldig profesjonelt, legg ho til.  

- Ja, det er veldig dyktige instruktørar, supplerer Henny. 

For ein generasjonsorganisasjon som Noregs Ungdomslag er det ekstra kjekt å reise ut til lokallaga og få ei stadfesting på at generasjonssamlande aktivitet og møtestader er verdifullt. Dei fire jentene fortel at noko av det dei også likar ved Musikalenes Verden er nettopp den store aldersspreiinga.  

- Det gjer at denne sommarskulen skil seg litt ut, fortel dei. 
- Som ung ser ein opp til og blir inspirert av dei eldste, forklarar Lea.  
- Og så er det gøy å sjå tidlegare deltakarar som kjem tilbake og er instruktørar, skyt dei andre inn.  

Det skal vere trygt å vere på Musikalenes Verden og dei yngste deltakarane har kvar sin fadder som skal sjå til at dei ikkje går åleine eller blir sitjande utan å ha nokon å snakke med.  

Frå Løvenes Konge til The Descendants 

Etter opningshelg og ei veke med øving kjem det helg med generalprøvar, lydsjekk, kostymeprøving og ikkje minst to show på ei profesjonell scene. 

- Vi jobbar mot framsyningane, fortel Aurora. 
- Vi jobbar mot eit felles mål og bygger kvarandre opp gjennom veka, legg Lea til. 

Dei er alle einige om at showa er høgdepunktet under veka. Då kjem familie og vennar for å sjå på.  

- Den helga lever vi på scenerøyk frå fredag til sundag, ler Aurora. 

I showet vil publikum få oppleve eit utval songar frå både kjente musikalar, som Løvenes Konge og The Greatest Showman, til nyare produksjonar som The Descendants og & Juliet. 

Kunstnarisk leiar Heidi er den som vel ut kva musikalar som skal vere med på årets show og ho er oppteken av at både deltakarar og publikum både skal få sjå og høyre noko kjent, og bli presentert for nye musikalar. Alle songane blir framført på norsk, og dei det ikkje allereie er ei norsk omsetjing av, sett dei om sjølve. 

I år blir showa vist på Fyrverkeriet Kulturhus på Raufoss, men sjølve sommarskulen har funne stad på Musikkfolkehøgskolen Viken på Gjøvik. Familie, vennar og lokalbefolkninga har for lengst begynt å sikre seg billettar og program går i trykken medan vi er på besøk.  

Dei sett opp to framsyningar med eit variert og godt innhald. Alle deltakarane, frå dei yngste til dei eldste, har eit fellesnummer, i tillegg til at dei ulike gruppene øver inn sitt repertoar. 

Som deltakar på Musikalenes Verden blir du oppmoda om å ha med deg kostyme og rekvisittar som passar til dei numra du skal vere med på, men du blir ikkje bedt om å kjøpe nytt eller skaffe til vege noko som er vanskeleg å finne. Det er ein eigen kostymeansvarleg på Musikalenes Verden som tek seg av å anten skaffe eller lage det som eventuelt manglar.  

- Vi vil at showet skal sjå bra ut, fortel prosjektleiar Rune Sirirud Strandbakke, og forklarar vidare at ein del av pakka då er passande kostyme til kvart innslag. 

Han presiserer at det ikkje er eit krav at deltakarane skaffar alt mogleg sjølve, men at dei tek med seg det dei allereie har eller eventuelt får lånt av andre. Dei vil ikkje at deltakarane skal ha ekstrautgifter knytt til kostyme.  

20 år neste år - ikkje ei sjølvfølge 

Profesjonalitet kostar pengar og i fleire år har kunstnarleg ansvarleg brukt av eigen lomme for å dekke utgifter knytt til prosjektet. Tanken om å gi seg med sommarmusikalskule dukka opp både etter 15 års-jubileet i 2019 og etter pandemien. I fjor hadde prosjektleiinga eit krisemøte for å drøfte framtida til Musikalenes Verden.  

Fram til og med 2022 var Musikalenes Verden drive som eit frittståande prosjekt i regi av firmaet HeidiShow. Prosjektleiinga såg at det var behov for å sjå på andre måtar å organisere prosjektet på og vurderte om det å opprette eit frivillig lag kunne vere ei løysing.  

Prosjektleiar og mangeårig involvert som “altmoglegmann” i Musikalenes Verden, Rune Sirirud Strandbakke, hadde kjennskap til Noregs Ungdomslag frå tidlegare og tok kontakt med NU-kontoret. Etter rettleiing frå kontoret oppretta dei organisasjonen Mjøsspirene og vart like før jul 2022 lokallag i NU. Det er Mjøsspirene som i år er arrangørar av Musikalenes Verden og det ser ut til at både sommarmusikalskulen går rundt og at dei får midlar til å utvide aktivitetstilbodet sitt.  

- Vi ser at vi som frivillig lag har fleire moglegheiter for tilskot og økonomisk sikring enn kva vi har hatt tidlegare, fortel Rune. 

- Alle som er med på Musikalenes Verden melder seg inn i Mjøsspirene, opplyser han.  

Han peikar på at både Frifondordninga og kursstøtta gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er store bidragsytarar til at dei greier å gjennomføre prosjektet på den måten dei ønskjer, i tillegg til støtte frå Oppland Ungdomslag og andre tilskotsordningar. 

- Dessutan har vi lyst til å få til meir gjennom heile året, fortel Rune. 

Musikalenes Verden er ei veke om sommaren, men Mjøsspirene har lyst til å lage fleire kulturtilbod for barn og unge i distriktet. 

- Vi har mellom anna tenkt på kurs i song og dans, filmgruppe og barne-, og ungdomsteater, seier Rune. 
- Men vi vil høyre med dei som er medlemmar no kva dei har mest interesse for å gjere resten av året, føyer han til. 

Han kan fortelje at dei er i gang med å skaffe lokale som dei kan drive aktiviteten sin i og at dei har fleire idear til kva dei vil fylle året med. 

Vi følgjer spente med og ønskjer masse lukke til med både aktiviteten og dei neste åra med musikalar!