Teaterverksemd i NU

Heilt frå starten har teaterverksemd hatt ein viktig plass i ungdomslaga. I 1855 skreiv Ivar Aasen Ervingen – det første dramaet på nynorsk. Gjennom åra har dette stykket vore sett opp i mange ungdomshus. Men også Hulda Garborg var ein viktig inspirator for amatørteatertradisjonen i ungdomslaga. Ho starta Det Norske Spellaget, som var forløparen til Det Norske Teatret, og der arbeidde ho saman med ei rekke framståande ungdomslagsfolk. Ho skreiv sjølv og regisserte fleire stykke, deriblant Rationelt fjøsstell. Fleire av skodespela hennar er mykje brukte både i ungdomslaga og på dei profesjonelle scenene.

Sidan midten av 1970-talet har teaterarbeidet i NU fått eit nytt oppsving. Særleg folkekomediar som Kallane i Oladalen og Brødrene Østermanns huskors har vore mykje spelt. I 2003 tok NU initiativ til å arrangere Norsk Amatørteaterfestival, og denne festivalen vart arrangert annakvart år fram til 2014.