Kven veit?

Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får teste allmennkunnskapane sine.  

Gjennom tre spørsmålsrundar svarar deltakarlaga på spørsmål frå kategoriar som til dømes politikk, kultur, sport, underhalding, og det som er tema for årets konkurranse. 

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar, tilsendt studiemateriell om årets tema. I studiemateriellet kan ein lese artiklar knytt til temaet.

Vi forsøker å lage eit studiehefte som både er morosamt og lærerikt å lese.

Kven Veit? er både eit opplegg for å lære nytt, og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar laga på spørsmål dels henta frå temaheftet og dels henta frå andre kategoriar for å teste allmennkunnskapen. 

Søk om vaksenopplæringsmidlar
Du finn meir informasjon om reglane for vaksenopplæring på heimesidene til Studieforbundet kultur og tradisjon.  

Gå til tilskotsportalen til Studieforbundet og søk støtte her: Tilskuddsportalen

Deltakaravgift
Deltakaravgifta for senior er kr kr 450 for kvar gruppe. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppe kr 300. Det er mogleg å få studieheftet tilsendt gratis på PDF, om deltakarane ønsker å få heftet på papir kostar det kr 80 per stk.

Vinnarane
Det beste laget samanlagt etter tre spørsmålsrundar, blir kåra som vinnar av Kven Veit. Dei tre beste laga får pengepremiar. Vinnarlaget får 2 000 kroner, laget på andreplass får 1 000 kroner, og laget på tredjeplass får kr 500. Resultatlistene blir kunngjorde på www.ungdomslag.no etter kvar tevlingsrunde.