Medlems- og lagskontingent

Noregs Ungdomslag har lokal innkrevjing av kontingenten frå medlemmene. Dette betyr at medlemmene betalar kontingenten sin til lokallaga, og at fylkeslaget og Noregs Ungdomslag fakturerer lokallaga for den delen av medlemskontingenten som skal til fylkes- og sentralleddet.



Landsmøtet 2013 vedtok ein ny modell for fakturering av kontingenten frå medlemmene. Den nye modellen medfører at laga blir fakturert for kontingent med bakgrunn i kor mange medlemmer laga hadde to år tidlegare.

Dette vil ikkje bety at laga blir fakturert for fleire eller færre medlemmer enn laget faktisk har, men det vil bety at det er blir to års etterslep på innbetaling av kontingenten til NU sentralt. 

Denne modellen har vore praksis sidan  2014.

Kontingentsatsar for sentralleddet:
Kontingent per lag: 1200
Kontingent for lag som ikkje har registrert medlemmer i Hypersys: 2200
Kontingent for huslag: 3500

Kontingent per medlem under 26 år: 95
Kontingent per medlem over 26 år: 190
Kontingent for medlemmer under 26 år som er meldt inn direkte i NU: 150
Kontingent for medlemmer over 26 år som er meldt inn direkte i NU: 300