Dugnad og dans på Rørosmartnan

Tekst og foto: Rita Sirirud Vatnehol

Golvet gyngar i polstakt medan den eine pols-"leken" etter den andre strøymer ut i det snart 120 år gamle forsamlingshuset midt i Røros. Så lenge nokon kan hugse, har det blitt invitert inn til martnansdans i Sangerhuset fem dagar til ende under den årlege Rørosmartnan.

Takka vere eldsjeler i Folkemusikkscena Røros, som består av Brekken Spell- og danselag, Glåmos Spellmannslag og Røros Folkedanslag, kan lokalbefolkninga og tilreisande frå både inn- og utland halde vinterkulda ute gjennom polsdansen både dag og kveld.

Det skjer ikkje av seg sjølv. Opp mot hundre dugnadsvakter må på plass for å kunne arrangere middagsdans og kveldsdans frå tysdag til laurdag under martnan. 

– Det er ikkje noko problem å få folk til å ta på seg dugnadsvakter, seier styremedlem og tidlegare leiar i Røros Folkedanslag, Maj-Britt Fjerdingen.

– Til og med nokre tilreisande melder seg til dugnadstenest.

Men dei fleste som stiller opp, har tilhøyrsel til det lokale miljøet, anten som medlemmar av Folkedanslaget eller eitt av spelemannslaga. 

– Vi opplever at dei i det lokale danse- og musikkmiljøet har ei forståing for at desse arrangementa ikkje er noko som skjer av seg sjølv, og at folk ønskjer å bidra til å skape gode dansefestar, fortel Maj-Britt.

– Og dei som tek på seg ei vakt eller fleire, får nokre gode timar ved å vere til stades. Ikkje minst får dei oppleve mykje god musikk og treffe trivelege folk, legg ho til.

Nokre må sitje i døra, nokre må steike vaflar, og nokre må passe på at det ikkje slepper inn fleire enn kva det er plass til i lokalet. Berre det er ein stor jobb, for det er populært å få med seg dansen på Sangerhuset.

I år var det kø nesten kvar dag, og enkelte kom seg aldri inn på dansen. Heldigvis oppfører folk seg fint, sjølv om ein kan bli skuffa over å ikkje få sleppe inn. 

Nye generasjonar
Det er ikkje uvanleg med fullt golv på Sangerhuset under Rørosmartnan. Hit kjem danse- og musikkglade frå omtrent heile Noreg. Mange reiser òg frå Sverige for å vere med på dansen. Nokon har til og med reist heilt ifrå USA, og har gjort det fleire år, for å få med seg denne opplevinga.

– Det er kjekt å sjå at polsen er populær ut forbi regionen, seier Maj-Britt.

I år er det fleire som har lagt merke til at det er så mange yngre på dansegolvet. Det er kjekt å sjå at dei yngre generasjonane ønskjer å lære seg å danse og å vere med på martnan. Mange av ungdommane har ei tilknyting til lokalmiljøet, men det kjem òg tilreisande frå andre delar av landet.

Det er ikkje tilfeldig at det har kome fleire ungdommar til Sangerhuset i år enn tidlegare. Dei siste åra har Røros Folkedanslag lagt ned målretta arbeid for å rekruttere til dansen. 

– Vi har eit godt samarbeid med skulen og kulturskulen, seier styremedlemmen i folkedanslaget, som roser lærarane på ungdomstrinnet for at dei er med på å legge til rette for at ungdommane kan få lære seg pols.
– Frå nyttår og fram mot martnan har vi danseundervisning på 9. trinn, der målet er å få med ungdommane til å danse på martnansopninga, fortel Maj-Britt.

I år var det heile 14 dansepar beståande av ungdomstrinnselevar som var med på opninga av Rørosmartnan. Fleire av desse ungdommane var å sjå på Sangerhuset seinare i veka også. 
Maj-Britt kan fortelje at Folkemusikkscena gjer det dei kan for å legge til rette for at ungdommane skal kome og oppleve dansefestane. Mellom anna dekker dei inngangsbilletten for alle sine medlemmar under 26 år. Dei vil ikkje at inngangsbilletten skal vere til hinder for deltaking, for skal ein klare å rekruttere til miljøet, må ein ha opne dører. 

Vidare fortel ho at foreldra opplever det som trygt å sende ungdommane sine på martnansdans. Det er ikkje fest og fyll. Huset er fullt av folk i alle aldrar, og alle er der for å danse, hygge seg og høyre på god musikk. Det er vatn det går mest av når det kjem til drikke, med kaffi som ein god nummer to.

– Eg må òg få trekke fram Mari Eggen, som er ein veldig viktig lærar ved kulturskulen. Ho rekrutterer ungdom til spelemannsmiljøet, seier Maj-Britt.
– Vi er heldige som har eit levande danse- og spelmiljø i heile regionen, føyer ho til. 

Motivasjonen
I Røros har dei klart å knekke ein kode og funne ein måte å drive rekruttering på som fungerer for dei. 

– Det er med på å skape motivasjon, fortel Maj-Britt. 

Ho fortel at ho har ein son i tenåra, som er veldig ivrig på å danse. Det er han som dreg ho ut av huset og med på dans dei dagane ho ikkje heilt kjenner at ho orkar. 
Dei er heldige i Røros Folkedanslag som alltid har levande musikk på sine danseøvingar. Det er med på å skape gode rammer for øvingane og er med på å gjere at folk kjem tilbake. Dei fleste som dansar, vil nok vere einige i at det er kjekkast å danse til levande musikk.

– Eg har vore med i folkedanslaget i 12 år, og har aldri vore på ei øving utan levande musikk, fortel Maj-Britt. 

Martnansdansen er viktig for drifta av dei tre laga i Folkemusikkscena Røros resten av året. Dei samarbeider om billettinntektane, medan det er Røros Folkedanslag åleine som står for kiosksalet. Inntektene frå dei til saman ti dansefestane dei inviterer til under martnan, gjer at dei mellom anna kan sponse kappleiksdeltaking for sine medlemmar. 

Neste år kan ein vere sikker på at Brekken Spell- og danselag, Glåmos Spellmannslag og Røros Folkedanslag nok ein gong inviterer danseglade gjestar frå fjern og nær til dans på Sangerhuset. Då kan den som vil, svinge seg og svive i tretakt bortover golvet, medan spelemenn- og kvinner spelar lek etter lek til taket nesten løftar seg. Viss du ikkje vil vente heilt til neste år med å danse pols, så kan du ta deg ein tur til Bergstaden i starten av mai og vere med på Rørosleken. Då får du tre dagar med dans, leik og musikk.