Frifond: Aktivitetstilskot for barn og unge

Har lokallaget fem eller fleire medlemmar under 26 år, og eit aktivitetstilbod til desse? Då kan de søke Frifond! 

Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge, og ein av medlemsfordelane med å vere lokallag i Noregs Ungdomslag. Lokallaget kan søke om aktivitetstilskot eller oppstartstilskot til barne- og ungdomsaktivitet i laget gjennom Frifond. I tillegg kan lokallag søke prosjekttilskot til teateraktivitet for same målgruppe. 

Oppstartstilskotet er eit fast beløp på 4 000 kr. Dette er til nye lag, eller til lag som har færre enn fem medlemmer under 26 år, og som ønsker å starte opp aktivitetar for denne aldersgruppa.

Har laget minimum fem medlemmar under 26 år, og aktivitetstilbod til denne aldersgruppa, kan laget søke aktivitetstilskot. Tilskotet har eit grunnbeløp på 4 000 kr og eit variabelt beløp per medlem. I 2021 var dette beløpet 441kr. per medlem. Så eit lag som søkte Frifond med ti medlemmer under 26 år fekk 4 000 + 4 410 (441 x10) = 8 410 kr. ekstra til å bruke til barne- og ungdomsaktivitet i laget. 

Merk: Tilskotet skal gå til aktivitet for barn og unge under 26 år, og det må gå fram av rekneskapet at tilskotet faktisk er brukt til aktivitet for born og unge.

I år skal søknaden sendast inn via Hypersys. 
Søknadsskjema for 2023 finn de her.

Du må være logga inn i Hypersys for å komme direkte til søknadsskjemaet via denne lenka. I hypersys ligg det under fana "økonomi", så klikkar du deg inn på "støtteordning". Når du kjem inn på sida der ligg søknadsskjemaet for Frifond 2023 under "Støtteordningar som er opne for søking". 

Retningslinjene for tildelinga av midlar blir vedtekne av styret i NU. Lokallaga må difor lese gjennom retningslinjene før ein sender søknad, for å fange opp eventuelle endringar.

Retningslinjer for Frifond i Noregs Ungdomslag

Retningslinjer for Frifond i Noregs Ungdomslag 2023 

1. Innleiing 

Desse retningslinjene er vedtekne av styret i Noregs Ungdomslag (NU) 27. januar 2023.

Frifond er ei støtteordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for demokratisk og medlemsbasert kulturarbeid for barn og unge på lokalt nivå. NU pliktar å forvalte Frifond-midlane i tråd med dei overordna retningslinjene frå Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), vedteke av LNU sitt styre. NU tek imot Frifond-midlar frå  (LNU), og fordeler tilskot vidare til lokallaga. Fylkeslaga kan ifølgje dei overordna retningslinene frå LNU ikkje få Frifond-midlar. Av den samla potten til NU frå LNU blir 5 prosent behalde til administrasjon av ordninga. Den resterande delen blir i heilskap fordelt til lokallaga etter søknad.
 

2. Kven kan søke om Frifond-midlar gjennom Noregs Ungdomslag? 

Lokallag som er medlemslag i Noregs Ungdomslag, og som oppfyller følgande krav, kan søke om Frifond-midlar: 

  • Laget må ha levert årsrapport til Noregs Ungdomslag for 2022. 
  • Laget må ha oppdatert medlemsliste og betalt kontingent til NU sentralt i 2023. 
  • Laget må ha rapportert på eventuelle mottekne Frifond-midlar for 2022. 
  • For å kunne ta i imot aktivitetstilskot (jf. punkt 4) må laget ha betalt kontingent for minimum 5 medlemmar under 26 år. 
  • Lokallagskontingenten må minimum vere 50,- kroner, og ved familiemedlemskap må kontingenten minst vere 100,- kroner.  

NB! Lokallag som er medlemmar av Norges Idrettsforbund kan etter overordna retningslinjer frå LNU ikkje få Frifond-midlar. 
  

3. Søknadsskjema og søknadsfrist 

Lokallaget søker NU sentralt om midlar for aktivitetstilbod til barn og unge for heile laget, inkludert eventuelle undergrupper.  

Søknadsfristen er 1. oktober 2023. 
NY FRIST: 15. oktober. 

 
Søknadsfristen skal kunngjerast minst tre månader i framkant, og som eit minimum gjennom informasjon i nyheitsbrev som går til alle lokal- og fylkeslag. 
 
Retningslinjene skal gjerast tilgjengeleg for laga i det søknadsfristen vert kunngjort. 
  

4. Fordeling av tilskot mellom søkjarlaga 

Noregs Ungdomslag har tre ulike ordningar laga kan søke om Frifond-midlar til: 

a) Oppstartstilskot. Fast beløp på kr 4 000 til nye lag, eller til lag som har færre enn fem teljande medlemmar, og som ønskjer å starte opp aktivitetar for barn og unge. 
 
eller: 
 
b) Aktivitetstilskot til laget sitt arbeid for barn og unge. Dersom laget tilfredsstiller krava under punkt 2, vil ein få utmålt eit tilskot etter følgjande prinsipp: 

Grunnbeløp på kr 4 000. 

Variabelt beløp per medlem under 26 år per 31.12.2022. Dette beløpet blir fastsett etter kor mykje pengar som er att i potten etter at prosjekttilskot (jf. pkt c), oppstartstilskot og grunnbeløpet er fordelt. For lag som har fått oppstartstilskot i 2022, og som ikkje har registrert medlemmar under 26 år per 31.12.2022, blir medlemstalet under 26 år per 1.9.2023 lagt til grunn for tildelinga. 

I tillegg: 

c) Tilskot til teaterprosjekt for barn og unge i laget. Med teaterprosjektet blir det meint framsyningar, kurs, turnear og større arrangement. 1/3 av deltakarane i prosjektet må vere under 26 år. Den totale potten til teaterprosjekt er 200 000 kroner. Alle godkjente søknadar får tildeling, summen blir fordelt likt på laga som har søkt prosjekttilskot.   

Laga må sende eigen søknad om prosjekttilskot med kort prosjektskildring og budsjett. Laget kan berre søke om tilskot til eitt prosjekt. Lag som vil søkje prosjekttilskot til teaterarbeidet må også søkje oppstartstilskot eller aktivitetstilskot. Stønad til teaterprosjekt kjem på toppen av oppstartstilskot eller aktivitetstilskot. 
  

5. Søknadsbehandling 

Laga sender søknad om Frifond-tilskot til NU sentralt, og søknadane blir handsama administrativt. Fordelinga av tilskot blir gjort i tråd med punkt 4 i retningslinjene. 
 
Laga får svar på søknaden seinast 10. desember. Utbetaling av tildelt tilskot vil skje seinast 31. desember 2023,  eventuelle avslag på søknader vil bli sendt ut på same tidspunkt. Oversyn over tildelte Frifond-midlar blir også kunngjort på NU sine nettsider. 
 
Størrelsen på det tildelte tilskotet kan ikkje klagast på, sidan dette er fastsett gjennom eigen fordelingsnøkkel som kjem fram i punkt 4 i retningslinjene.

Avslag på søknadar om Frifond-tilskot kan berre klagast på dersom søkarlaget meiner avslaget er gitt på feil grunnlag. Styret i Noregs Ungdomslag er klageinstans. 
  

6. Bruk av tilskotet 

Tilskotet skal gå til aktivitet i regi av lokallag. Lokallaga bestemmer sjølv korleis Frifond-tilskotet skal brukast så framt det er i tråd med Noregs Ungdomslag sine retningslinjer for tilskotet. 

Sentralleddet kan ikkje legge føringar for lokallaga sin bruk av tilskotet, men tilskotet kan ikkje brukast til lønn, innsamlingsaktivitet, for å bygge eigenkapital, utanfor Noreg eller på ulovlege rusmiddel, alkohol og tobakk. Tilskotet skal ikkje brukast til å finansiere sentralleddet sin aktivitet. 

Tilskotet må nyttast til lokal aktivitet for barn og unge som skjer i perioden 31.10.2023-31.10.2024, og midlane må vere brukt opp innan 31.10.2024. Lokallaga må i rapporten stadfeste at tildelte midlar i 2022  er brukt opp, før tilskotet for 2023 blir utbetalt. Dersom lokallaget ikkje har brukt midlane i løpet av denne perioden, får laget krav om tilbakebetaling av heile, eller den delen av tilskotet som ikkje er brukt opp.  

Noregs Ungdomslag vil søkje LNU slik at eventuelle returnerte/tilbakekravde midlar kan fordelast som Frifond-tilskot i neste tildelingsrundar. 
  

7. Rapportering på tildelt tilskot 

Alle lag som får Frifond-midlar må rapportere til Noregs Ungdomslag om bruken av midlane, og kva aktivitet midlane har medført i laget. 

Bruken av Frifond-tilskotet skal rapporterast på gjennom Hypersys i eit eige rapportskjema, Rapporteringsfrist er 1.12.2023. Her vil det vere eigen rekneskapsrapport der ein rapporterer på korleis Frifond-tilskotet er brukt. Rekneskapsrapporten skal innhalde storleiken på det mottekne tilskotet og det skal tydeleg kome fram korleis tilskotet er brukt, motteke tilskot og bruken av tilskotet  blir synleggjort gjenom at ein syner til bilagsnummer i laget sitt rekneskap. 

Dersom laget har fått tildelt oppstartsmidlar, skal rapporten innehalde ein omtale av kva midlane har vorte nytta til, og ei vurdering av i kva grad ein har klart å auke aktiviteten for/talet medlemmar under 26 år. 

Dersom laget har fått tildelt aktivitetstilskot skal rapporten innehalde ein omtale av kva Frifond-midlane har medført av aktivitet i laget. Rapportering av prosjektmidlar til teater skal førast inn i same rapportskjema.