Framsyningsdans – eit høve til å vise seg fram

Mange lag og dansegrupper reiser som ein samla gjeng til HAVLEIK og til andre stemne. Under Nordlek-stemna har det vore lagt opp til danseframsyningar, og for fleire danselag er dette noko av motivasjonen for å reise til stemne som gruppe. Laget får høve til å vise fram det dei har øvd på den siste tida, og fleire lag har førebudd seg godt og reiser med eit ferdigspikra framsyningsprogram i kofferten.
 
Framsyningsdans er noko mange danselag er godt kjente med. I tillegg til å møte kvarandre på øving for å danse og ha det kjekt, er det mange lag som brukar øvingane sine til å førebu ei danseframsyning. Kanskje dei skal runde av vårsesongen med framsyning i byen der dei held til, eller danse for publikum på 17.mai? Kanskje dei er inviterte til å underhalde turistar eller på eit arrangement? Eller kanskje dei vil setje opp ei framsyning anten åleine eller i samarbeid med andre for eit lokalt publikum? Nokre lag tek også med seg framsyninga si og reiser på stemne eller på turar til både inn- og utland.

Lokale dansar og danseformer frå heile landet

Dei fleste som syr saman ei danseframsyning for ein leikarring eller eit danselag ønsker å lage eit program som er variert og interessant for publikum å sjå. I programmet viser ein gjerne fram både lokale dansar i tillegg til eit utval av ulike danseformer frå heile landet. Mange vel å bruke bunad eller eit anna framsyningsantrekk, spesielt i dei høva der framsyninga er meint å vere litt høgtideleg. Andre gonger er framsyningane uformelle, og det er mindre viktig med koordinerte antrekk.

På stemna i regi av Nordlek blir grupper inviterte til å delta med framsyning. I Tórshavn denne veka har Folkedanslaget Sølja, Folkedanslaget Symra og Gisund Leikarring/BUL Tromsø frå Noreg førebudd eit framsyningsprogram som dei får vist fram i sentrum, på eldresenter og på kjøpesenter. I tillegg blir det mogleg for fleire å vise seg fram med dans og musikk under  besøk til eit par av lokalmiljøa på Færøyane. 

Framsyning òg på NORDLEK i 2024

Framsyningane har vore ein viktig del av programmet under tidlegare stemne, og slik vil det òg bli under NORDLEK 2024 i Arendal. Det blir lagt opp til danseframsyningar med lag og grupper i sentrum av byen, i tillegg til dei store nasjonale framsyningane. 

Det blir òg invitert til framsyningskappleik med premie til den gruppa som har førebudd og gjennomført den beste danseframsyninga. Kanskje nokre grupper vil begynne å planlegge framsyningsprogram allereie no? 

Følg med på nettsidene til NORDLEK 2024 for meir informasjon om nasjonale danseframsyningar og framsyningskappleiken. (https://www.nordlek2024.no/program). 

Danseframsyningane er viktige fordi dei inviterer utanforståande publikum med inn i stemnet. Dei gir publikum eit møte med folkedans og folkemusikk som dei kanskje elles ikkje ville fått. 

Framsyningane kan vere ein motivasjon for dansegruppene til å øve inn noko i fellesskap og til å reise på tur saman som gruppe. Ikkje minst er framsyningane ein glimrande anledning til å syne fram ulike dansetradisjonar og potensielt gjere publikum nysgjerrige. 

Kulturen med danseframsyning i ulike samanhengar har vore til stades i mange år og det er ingen grunn til å tru at den ikkje vil halde fram i mange år vidare.