Korleis legge til rette for barnedans-aktivitet?

Nokre lag får det til år etter år, medan andre lag sit og lurar på kva som skal til for å få dei yngste til å delta i dansen. Kva er suksesskriteria og korleis kan ein greie å skape eit engasjement for folkedans blant barn og unge?

Engasjerte vaksne gir engasjerte barn

For at barn skal bli nysgjerrige på og interesserte i ein aktivitet, så treng dei forbilde som har eit engasjement for det same. Desse forbilda kan vere dei litt eldre ungane, dei tøffe ungdommane eller dei trygge vaksne, som brenn for at ungane skal ha noko kjekt å drive med. Når ungane ser at dei eldre kan leike seg og ha det morosamt med dansen, så er det ikkje så rart at dei sjølve òg vil vere med.

Det er dei vaksne som må legge til rette for at barna kan drive med dans og det er dei vaksne som må ha eit ansvar for å lære bort dansetradisjonane til dei yngre generasjonane.

Formidle på spennande måte
Ein engasjert instruktør eller lærar som greier å vidareformidle dansetradisjonane på ein spennande måte, er kanskje den viktigaste suksessfaktoren for at danseaktiviteten skal overleve. Foreldre som oppmuntrar ungane til å drive med dans, tek dei med på øvingar eller andre dansearenaer, og let ungane få møte folkedansen frå tidleg alder, bidreg til å gjere dei små nysgjerrige. 

Det er dei eldste som sitt på erfaringa og kunnskapen, og dette må dei vere villige til å dele vidare. Det er kanskje ikkje alltid så lett å lære vekk noko du kan så godt sjølv, og det kan kanskje vere utfordrande å vite i kva ende ein skal starte. Heldigvis finst det ressursar, slik som www.folkepedia.no, som kan rettleie både lærarar og instruktørar i korleis ein kan lære bort folkedans til barn. 

Men det er viktig å hugse på at det alltid er ein balansegang. Som vaksen må ein òg passe på å ikkje påtvinge ungane ei interesse som dei kanskje ikkje har. Viss det blir opplevd som mas, så tek ein gleda vekk frå det heile, og då er det ikkje sikkert dei vil setje sine føter i eit par dansesko igjen nokon gong. 

Noko å sjå fram til
Både ungar og vaksne treng noko å sjå fram til innimellom. Det kan vere noko så enkelt som den faste danseøvinga kvar veke, men det kan òg vere det vesle ekstra som kjem av og til. Kanskje det er den årlege leikfesten eller turen til eit stemne som bidreg til å halde fram med dansen? Kan hende det er pizzakveld før jul eller sommaravslutning med leik og moro, eller besøk til nabobygda og dansegruppa der?

For dei som driv med dans, som er ein sosial aktivitet, er nok møteplassane der ein kan treffe fleire som driv med same ting, noko av det kjekkaste. Det å få treffe fleire ein kan danse og leike med eller lære av, det gjer at ein sjølv blir minna om kor fint og gøy det er å drive med dans. 

Av og til blir det invitert til større eller mindre barneleikstemne. Dette kan vere etter initiativ frå lokallag eller dansemiljø, eller vere eit arrangement i regi av ein større organisasjon.

Til dømes blir BARNLEK arrangert i Sverige i 2023. Dit reiser barn og unge frå heile Norden for å samlast til dans, musikk, song, leik og moro.

I 2019 arrangerte Noregs Ungdomslag, i samarbeid med Barnelaget i Oslo, Unge folkemusikere i Oslo og Leikarringen i BUL Oslo, Småleik. Dette vart ein suksess og viss du ønsker å lage til eit liknande arrangement finn du informasjon om korleis du kan gjere det på våre nettsider.
 

Her har dei lykkast: I Bodø aukar barnedansaktiviteten etter korona

I BUL Bodø har dei rundt 50 barn som er med på danseøvingar, på tre forskjellige skolar. Samanlikna med mange andre byar, er dette bra aktivitet, og dei er i vekst etter korona, fortel Anette Johansen frå BUL Bodø.

Bodø er ein by med mange konkurrerande aktivitetar, og byen er historisk sett ikkje noko særleg tradisjonsområde for folkedans. No må dei også bygge opp igjen aktiviteten etter tida med korona.

– Sånn sett så forstår eg veldig godt dei som synest det er vanskeleg å rekruttere, seier Anette Johansen frå BUL Bodø, som både jobbar som lærar og som er danseinstruktør på fritida.

Når dei likevel har lykkast så godt i Bodø, så peikar Johansen på fleire faktorar. På Tverlandet, ein av bydelane i Bodø, har det lykkast godt med at nokon ungdommar har vore forbilde og har introdusert folkedansen til andre på skolen der dei går. 

Johanne Angelsen (15) går i tiande klasse, og har vakse opp med folkedansen, via mor si, som starta folkedansgruppe i byen da Johanne var lita. Mora er òg lærar på skolen til Johanne. Saman med venninna Anna Elisabeth Stavnes Hansen (16) har dei introdusert medelevane for folkedansen, og vore gode forbilde. Når dei andre barna har vorte kjende med folkedansen på skolen, blir det meir naturleg å bli med på ei dansegruppe på fritida.

– Dei på Tverlandet har gjort ein kjempeinnsats, fortel Anette Johansen. 

– Der har det fenga at to forbilde i 15-16-årsalderen har vore med og vist fram, og at dei er med som instruktørar. Dei har fått rom for å undervise i skolen fordi dei går der og mora jobbar der, så lærarane veit kven dei tar imot. Det er lokale ungdommar som driv med noko, og at det er aktivitet i nærmiljøet, det trur eg er verdsett på skolen, fortel ho. 

I dag er dei ganske mange i dansegruppa på Tverlandet, og dei har to dansegrupper i barneskolealder. Der er variert kva dansar dei lærer. Det er både opent for nye ting, samtidig som dei lærer mykje av det som har vore. Dei dansar mellom anna linedance, rekkeril, polka og gode slagerar frå NU sin raude turdansbibel, som Anette kallar det.

Introduserer barna for folkedans på skolen
Fordi folkedansen ikkje har nokon fast plass i lokalsamfunnet, så er det veldig avhengig av at ein får rekruttert inn i skolen, fortel Anette. 

– Det er viktig at barna får oppleve gleda av å danse i skolen, og at det er lett tilgjengeleg. Vi prøver å gi eit tilbod nær skolekretsen, sånn at det skal vere eit tilbod uavhengig av om foreldra har høve til å køyre. Det er viktig å få det nære. 

Johansen er sjølv lærar, og fortel at BUL gjennom dei siste ti åra har rekruttert barn og ungdommar frå klassane Siri Strige, Torill Henningsen og ho sjølv har undervist i. Sidan dei jobbar på tre ulike Bodøskolar, har nye dansarar komme frå litt forskjellige stader. I tillegg har dei litt rekruttering frå barn av tidlegare ungdomslagsmedlemmar og deira vennar. 

– Når dei får positive opplevingar i skolekvardagen med vennane sine, og dei kjenner dansen litt, er det lettare å gi dei dans som eit fritidstilbod. Og så er det jungeletelegrafen. Vi er opptatte av å gi dei eit kvalitetstilbod der det sosiale og ungdomslags-kulturen er viktig.

– Vi prøver å bygge opp eit sosialt miljø der det òg er turar og dansefestar i tillegg til den vekentlege aktiviteten. Da klarer vi å halde på ungdommane. For at vi skal klare å halde på ungdommane, så reiser vi på regionale treff for å møte andre, fortel ho.