Heidersmedlemer i Noregs Ungdomslag

Å bli utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag er noko få har fått oppleve. Tittelen heng høgt og dei som vert utnemnd har gjort eit særskilt arbeid for NU, organisasjonsarbeid og eitt eller fleire av våre fagfelt.

Har du eller laget ditt innspel til nokon som fortener denne tittelen? Send oss gjerne framlegg til kandidatar så tek vi dei med i vurderinga. Det er styret i NU som kvart år avgjer om det skal delast ut heidersmedlemskap eller ikkje.

Under ser du ei samla oversikt over alle heidersmedlemer 

Ved å trykke på namnet til kvar enkelt vil du få opp meir utfyllande informasjon.

Tor Stallvik

Tor Stallvik vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2021.

Tor Stallvik (til høgre i bildet), fødd 9. august 1941 i Bjugn no busatt i Ørland kommune, er ein særs viktig person for utviklinga av folkedansen i Noreg. Han har lagt ned eit solid arbeid for dansen lokalt, nasjonalt og internasjonalt.  

I Noregs Ungdomslag har Tor mellom anna vore aktiv i BUL Nidaros som leikleiar, formann i leikarlaget, formann i Uttrøndelag Ungdomslag samt ansvarleg for oppstart av lagsblad for fylkeslaget. Dei seinare åra har han vore aktiv i Vågå Ungdomslag og Gudbrandsdal Ungdomslag før han flytta heim til Stallvik der han no er aktiv i Ørland Ungdomslag.  

Opp gjennom åra har Tor halde ei mengd med lagsleiarkurs på fylkes- og landsplan som instruktør i amatørteaterkurs, skriving av studiehefte, NU-handbok, organisasjonshistorie for NU samt utvikling av prosjektet BINU (Barn i Noregs Ungdomslag). Ikkje minst har han vore ein sentral instruktør innan dei fleste folkedanssjangrar gjennom i ei årrekke på sommarkursa og på mangfaldige instruktørkurs. Tor er ei viktig kjelde for inspirasjon og kunnskap for mange instruktørar og folkedansarar.  

Tor var særs sentral i det omfattande revisjonsarbeidet av Klara Semb sine rettleiingsbøker “Norske Folkedansar – songdansar og turdansar”, han har gitt ut hefte om lokale dansetradisjonar og skrive innsiktsfulle folkedansartiklar. Tor har lagt ned eit stort arbeid spesielt med bygdedansane i Trøndelag og på Vestlandet, springleiken i Gudbrandsdalen, han har utvikla metodikk og halde fleire kurs i utlandet, mellom anna i USA. Tor har omsett fleire bøker til nynorsk, slik som Torbjørn Egners lesebøker. I samband med OL-opninga på Lillehammer  var Tor ansvarleg for arrangementet der 250 dansarar og musikarar frå Gudbrandsdalen synte norsk folkekultur for heile verda. 

Nasjonalt har Tor har vore tilsett og tillitsvald i NU, leiar i Nordlek, medlem i FolkOrg-styret samt leiar og medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans.   

I tillegg til å vere ein dyktig instruktør og eit godt organisasjonsmenneske er Tor ein miljøskapar av dei sjeldne med ei eiga evne til å få folk med, både her i Noreg så vel som i utlandet.  

Tor har tidlegare motteke prisar som RFF-prisen i 1997 og Norsk Folkemusikkfonds pris i 2002, båe for sitt allsidige arbeid innan norsk folkedans. 

Det er ingen tvil om at Tor er ein viktig person for både folkedansen, organisasjonsarbeid og for NU. Det er difor ei stor ære for oss i NU å utnemne Tor Stallvik, som den tolvte i rekka, til den høgthengande tittelen heidersmedlem i Noregs Ungdomslag.  

Dag Vårdal

Dag Vårdal (1946-2023) vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2021.

Denne teksten om Vårdal vart skrive i høve tildelinga av heidersmedlemskapet i 2021. Vårdal gjekk bort i januar 2023. Minneordet kan du lese her

Dag Vårdal, fødd 23. mai 1946 i Hønefoss, busett i Lørenskog, har gjennom mange år lagt ned eit stort arbeid for folkemusikken og folkedansen lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Dag er ein av dei fremste forkjemparane for å sjå dansen og musikken som to sider av same sak. Stoltheit over lokal tradisjon er noko som har stått sentralt i arbeidet hans. 

I Noregs Ungdomslag har Dag vore medlem heile sitt vaksne liv, han har vore tillitsvald, tilsett, instruktør, dansar, musikar, innsamlar, forfattar og forskar. På NU-kontoret arbeidde han som folkemusikk- og folkedanskonsulent i åra 1982-1986. Han var leiar i leikrådet i fleire år og representerte NU i det nordiske samarbeidet Nordlek. Dag gjorde eit omfattande arbeid for revidering av leiaropplæringsmodellen, for utgjeving av bøker og CDar, han bidro aktivt til dei mange sommarkursa som både deltakar, administrativ leiar, instruktør og dansespelmusikar og han har vore sentral i fleire NU- og Nordlek-stemner.  

Dag er ein foregangsmann for innsamling av dansar og slåttar, særleg i områda Agder og Nord-Noreg, samt at han har lagt ned eit imponerande arbeid innan utgjevingar av CDer og bøker innan folkemusikk- og folkedansfeltet. Dag var sentral i revisjonsarbeidet av Norske folkedansar – Turdansar der han mellom anna hadde ansvaret for all musikken. I samband med turdansboka har Dag hatt ansvar for produksjon og utgjeving av CDane med turdansmusikken. Saman med Egil Bakka og Brit Versland gav han ut boka Dansetradisjonar frå Vest-Agder,Grunnbok i folkedans samt fleire opplæringsbøker innan folkedans. Også boka Dansetradisjonar frå Nordland og Troms er ei viktig utgjeving han har laga saman med Egil Bakka. 

Dei siste åra har Dag arbeidd med eit omfattande verk som vart gjeve ut i 2019 kalla Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet. Dette enormt imponerande verket inneheld 3 bind om historie og miljø, dansenedteikningar samt eit om musikken med notar. I tillegg høyrer det med 3 CDar med all dansemusikken. Dette verket har stor betyding for danse- og musikkmiljøet. 

Dag har vore sentral i det lokale musikk- og dansemiljøet fleire stader i landet der han har delt raust av sin grundige kunnskap om musikk og dans. Mellom anna var han aktiv i Lofoten på 70-talet der han stifta og var musikalsk leiar for Vestvågøy spelemannslag. I Agder var Dag sentral som  musikalsk leiar i spelemannslag og musikar i leikarringen. Også i det lokale miljøet i Oslo har Dag vore musikar og instruktør i ei årrekke. Dag har også hatt ei viktig rolle innan dei historiske dansane og balldansane. Han har mellom anna vore med å opprette Nettverk for historisk dans, Christiania Thour og Runddansensemble og Bærum Balselskab.  

Under oppbygginga av dansestudie i Trondheim var Dag ein sentral bidragsytar. Han har også vore generalsekretær i Landslaget for spelemenn (no FolkOrg). 

I 2019 mottok Dag Kongens fortenestemedalje for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen. 

Det er ingen tvil om at Dag er ein viktig person for både folkedansen, folkemusikken, organisasjonsarbeid og for NU. Det er difor ei stor ære for oss i NU å utnemne Dag Vårdal, som den ellevte i rekka, til den høgthengande tittelen heidersmedlem i Noregs Ungdomslag. 

Egil Bakka

Egil Bakka vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2019.

Søndag 28. april vart Egil Bakka (1943) vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag under landsmøtet til organisasjonen.

Bakka er den tiande heidersmedlemmen i Noregs Ungdomslag si 123-årige historie, så det er utnemning som hengt høgt. 

Bakka har vore medlem i Noregs Ungdomslag i ei årrekkje og interessa hans for norsk folkedans hadde sin start i organisasjonen.

Egil Bakka er i dag professor i folkedans, og er med dette den i ungdomslagsrørsla som har den høgste akademiske tittelen innan aktivitetane våre. I nordisk folkedansmiljø er han rekna som den store teoretikaren og forskaren, med store kunnskapar også på det praktiske utøvande plan. Noregs Ungdomslag har hatt enorm nytte av Egil Bakka, ikkje minst gjennom ei mengde fagbøker han har forfatta om folkedans.

Asbjørn Thomassen

Styret utnemnde 21. september 2013 Asbjørn Thomassen (1938-2013) til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag. Heidersutnemninga var knytt til Asbjørn sin mangeårige innsats med å dokumentere fanene og bannera som har vore tilknytt den frilynde ungdomslagsrørsla.  

Asbjørn Thomassen har hatt eit langt liv i ungdomslagsrørsla, og har gjennom dei siste 15 åra lagt ned ein enorm innsats med å dokumentere fanene som har vore tilknytt rørsla. Etter kvart som dokumentasjonsarbeidet tok form fekk Asbjørn ideen om at samlinga burde bli gitt ut som ei praktbok. Dei siste åra har Asbjørn arbeidd med manuset til ei slik bok, målet er å gje ut boka i samband med grunnlovsjubileet i 2014. Asbjørn har arbeidd med faneprosjektet nær sagt kvar dag desse 15 åra, og alt arbeid har vore gjort på dugnad, drive av idealisme for ungdomslaga og for den rike kultur- og organisasjonshistoria fanene representerer. Leiar Endre Kleiveland la i sin tale til Asbjørn vekt på at Asbjørn er ei inspirasjonskjelde for mange, og at han gjennom arbeidet sitt har sørga for at ein sentral del av kulturhistoria til ungdomslagsrørsla er dokumentert for all ettertid.  

På grunn av Asbjørn sin helsetilstand vart heidersutnemninga gitt i ei privat tilstelling 22. september, der Asbjørn og kona Lisbeth var til stade, saman med styreleiar Endre Kleiveland, nestleiar Kine Reiersen og generalsekretær Eli Ulvestad. Asbjørn døydde dessverre berre to dagar etter han vart utnemnd som heidersmedlem. 

Ola Normann Strand

Ola Normann Strand (1943-2015) blei utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag under fagseminara og landrådsmøtet i april 2005.  

Ola har gjort eit uvurderleg arbeid for NU sentralt og lokalt i kring 40 år. 

Ola Norman Strand fekk arbeid i NU allereie i 1968 som teaterinstruktør og arbeidde samanhengande på NU-kontoret fram til pensjonisttilværet i 2004 – først teaterfagleg og seinare som organisasjonssekretær. 

Ola var med og vidareførte teaterarbeidet i NU, og det inn i ei tid som står att som ei stordomstid. Utover 70- og 80-talet hadde teaterarbeidet eit stort oppsving. Ola stod sentralt her. Han samarbeidde med profesjonelle krefter og amatørkrefter utanfor ungdomslaga. Han såg talent både teaterfagleg og organisatorisk rundt om i laga – og han kopla desse gode kreftene saman, ofte i moderne og nyskrivne teateroppsettingar. Stillferdig og effektivt, aldri med store ord. Og resultatet blei ein vekst og eit engasjement som sette varige spor, både hjå dei som var med – og hjå alle som møtte opp på framsyningane rundt om i ungdomshusa. Mykje av dette kom av Ola sitt oppofrande arbeid for aktiviteten vår. 

Ola hadde eit velkjend, brennande engasjement for ungdomslagsarbeidet og var oppteken av dei lange historiske linjene og det store biletet. Mange har opplevd å sjå dei ideologiske samanhengane i det mangfaldige Noregs Ungdomslag nettopp gjennom å delta på organisasjonskurs hjå Ola. 

Gunnar Rødal

Gunnar Rødal vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2001.

Klara Semb

Klara Semb vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1954.

Hulda Garborg

Hulda Garborg vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Nikolaus Gjelsvik

Nikolaus Gjelsvik vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Anders Hovden

Anders Hovden vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Elias Melvær

Elias Melvær vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Peter Slotsvik

Peter Slotsvik vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1918.