Ny giv i Hovdebygda Ungdomslag

Eit av dei eldste lokallaga i Noregs Ungdomslag leid lenge under lite aktivitet, eit hus som forfall, og lite engasjement. Men det var det en gjeng som fann ut at dei skulle gjere noko med. 

Skrive av Tone Ingvaldsen

Skydekket ligg lågt over Sunnmørsalpane. Det tek ikkje mange minutta å gå innover Hovdebygda frå E39 før ein får auge på det ruvande gule bygget.

Når ein kjem frå hovudvegen, ser ein dei to flunkande nyoppussa sidene av huset, og det framstår som eit slags smørauge i Hovdebygda. Det er vakkert her, sjølv når skyene dekker over dei høgaste toppane på fjella rundt. 

Før og etter

To av dei fire sidene på huset vart pussa opp for kort tid sidan. Det er desse ein ser når ein kjem frå hovudvegen til huset. Strategisk nok. Etter ein kjapp tur rundt på andre sida blir det openbert kva for jobb som er lagd ned så langt. Målinga er flassa, og åra som har gått, har gitt huset ein skikkeleg runde med juling.

Det er kanskje ikkje så rart når bygget har stått her sidan 30-talet. Likevel er det solid, og heldigvis har den nyengasjerte gjengen i Hovdebygda Ungdomslag sloppe unna riving og andre tiltak som ville kravd mykje meir. 

Det er Runar Gudnasson som ventar inne i huset. Han står på kjøkkenet inst på første plan. For å komme dit, må ein gjennom eit forsamlingsrom. Kjøkkenet er gult og gammalt, og minner mest om eit bestemorkjøkken frå 1950-talet. Forsamlingsrommet er stort og opent, med ein liten heimekoseleg krok i hjørnet av rommet. 

Det har vorte kveld, og styret i Hovdebygda Ungdomslag møtest i hjørnet av forsamlingsrommet. “Kråa i kroa” som dei kallar det. Her står det ein grøn velur-sofa og to grøne stolar rundt eit teak-bord. På veggen er det to bokhyller og ei rekke portrett og andre bilde. I dag er det Elise Skaar, Stian Thune Borelli, Runar Gudnason og Kari Flø som er samla rundt bordet. Kaffien er kokt og dei fortel ivrig om kva tilknyting dei har til laget. 

– Eg vaks opp med at det var liv i huset, fortel Flø.

Kalla det berre for "huset" 

Ho er den som har hatt lengst samanhengande tilknyting, og har sete i styret i den tida da laget var meir eller mindre lagd på is. Det er fordi ho har vore engasjert i revygruppa, som er mykje av grunnen til at huset – og laget – framleis eksisterer. 

Det er bere eitt år som skil ho og Runar i alder. Dei fortel begge om å vekse opp i ei Hovdebygd der ungdomshuset Ervingen stod sentralt. 

– Vi kalla det berre for “huset”, at vi skulle “nedpå huset”, seier Gudnason. 

Da dei var små, var det leikarring og dansefestar, marknad og tombola, konsertar og festar i det gule huset. Det var òg ein stad for bryllaup, og Gudnasons eigen bror feira kjærleiken under dette taket.  

– Det var slik at ein måtte støtte opp taket her inne. Fordi dansegolvet er rett over oss, og det bula nedover. For å unngå at det kom dansarar i hovudet på folk, måtte dei til med bjelkar for å sikre taket, fortel Gudnason og held ein usynleg bjelke med hendene sine for å vise korleis dei støtta opp nett det taket han sit under no. 

Nedgangstida

Slik har det ikkje vore dei siste tiåra. Sidan 1980-90 talet gjekk aktiviteten på huset gradvis nedover, og det var berre revygruppa som heldt oppe aktiviteten, med revy om lag annakvart år. Det er dei som har sørgt for at rekningane til huset vart betalt gjennom heile 2000-talet og fram til no.

– Det er om lag 90 000 kroner i utgifter på huset kvart år, og det er berre revygruppa som har  sørgt for at dei rekningane har vorte betalte kvart år, seier Borelli som er økonomisk ansvarleg i det nye styret. 

Også tilknytinga til sjølve ungdomslagrørsla har vore stilleståande i Hovdebygda. Sjølv om ungdomslaget “alltid” har eksistert, har koplinga til sentralleddet Noregs Ungdomslag ikkje stått sterkt inn i det nye millenniet.

Eitt av måla til det nye styret er å kople seg på sentralleddet meir, og etter kvart få opp aktivitet i sjølve ungdomslaget.

Det første dei ønsker å komme i gang med, er eit barnekor, og det vil dei gjerne ha på plass allereie våren 2022. 

Det var styret – med Flø i spissen – som vinteren 2019-2020 tok tak og kalla inn til eit årsmøte for alle som ville, og da meiner dei alle. Det måtte eit nytt styre på plass, og dei trong nye folk.

Mange var på veg ut, og ville ikkje lenger sitte med verv i Hovdebygda Ungdomslag. Dermed vart det innkalla over ein låg sko.

Annonse vart sett i lokalavisa, folk blei tipsa i garderoben i barnehagen og varslingar vart sende i aust og vest i sosiale medium. 

Venta full sal

Da Skaar møtte opp tidleg til møtet, venta ho omtrent kø ut døra og fullspekka sal – kven var vel ikkje interessert i å bli verva til det lokale laget som var ansvarleg for eit slikt flott hus!? Ho var sjokka over kor få som møtte opp. No skal dei seiast at ho i tillegg var tidleg ute, og dermed berre vart møtt av det gamle styret da ho kom inn døra. 

Borelli derimot, var meir nøktern i si førestilling, og syntest at dei 10-20 personane som var møtte opp, var ei imponerande forsamling. Dei to skulle komme til å bli ein viktig del av den vidare forteljinga til Hovdebygda Ungdomslag, og vart etter dette folkemøtet vald inn i styre og stell. 

Målet var klart: Å få liv i Ungdomshuset Ervingen igjen. Å gi barna eit stad og ein møteplass der dei kunne skape opplevingar. Å gi dei ein oppvekst med gode minne frå eit forsamlingshus der ei bygd møtest for å vere saman.

Der alt byrja

Huset heiter altså Ungdomshuset Ervingen, etter eit av verka til Ivar Aasen. Og det er kanskje ikkje så rart at huset er kalla opp etter eit av verka til Aasen, for hovudmannen sjølv vaks opp berre nokre steinkast unna, i sjølve Hovdebygda. Det finst mange spor av heider til Aasen på huset, og eit av dei mest openlyse er eit måleri av Aasen-tunet, som heng like innanfor døra i forsamlingsrommet. Frå veggen har måleriet utsikt rett mot Ørsta gjennom dei mange vindauga som er plasserte som ein tanngard bortetter rommet. 

Eit anna, litt mindre bevis, heng blant bilda på veggen over “kråa i kroa”. Rett under den første kvinnelege leiaren i ungdomslaget, heng det minste bildet – eit portrett av Ivar Aasen sjølv.

Det var hans nevø - Jon Aasen som var med på å skipe Hovdebygda Ungdomslag i allereie i 1885. Han var ein del av “Byrjargutane” - ein trio beståande av Jon Aasen, Laurits Ryste og Olav Hamar.

Førstnemnde er òg tippoldefaren til Gudnason, som no er vend heim til ei bygd han aldri skulle returnere til, og ein viktig del av gjengen som skal blåse liv i ungdomslaget igjen.

Vil skape eit levande miljø for ungane

Skaar vaks opp i Hovdebygda, men budde borte i lang tid. No har ho flytta tilbake og har stifta eigen familie her. Med to små barn ønsker ho å skape eit lokalmiljø der ungane kan leike og vekse opp med levande kultur. 

Også Borelli har små barn og ønsker å sjå dei vekse opp med eit levande lokalmiljø. Sjølv er han frå Stranda, som ligg eit fjell og en dal i nord-austleg retning. Sjølv om han har minne om eit lagshus, kan han ikkje huske noka tilknyting til eit ungdomslag.
 
Det opphavlege huset Ervingen vart bygd i 1907, og var eit gammalt, lite trehus av tradisjonelt kaliber. Dette huset brann dessverre ned tidleg våren 1935.

– Allereie i desember 1935 stod dette nye huset klart. Det er innsatsvilje det! seier Gudnason med stjerner i auga. 

Og sidan har det gule huset stått. Folket i bygda har lagt merke til denne gjengen som har stått på for å klargjere huset til meir aktivitet.

I 2020 var det sett opp stillas på heile framsida, og folk som gjekk forbi, stoppa gjerne for å spørje dugnadsgjengen om kva som stod på. 

– Det er artig å skape nysgjerrigheit i bygda, seier Skaar. 

Halloween og diskotek

I koronaåra har det ikkje vore flust med aktivitet, men hausten 2021 fekk det nye styret prøvd seg på eit par arrangement. Blant anna arrangerte dei Halloween-feiring for ungane i bygda. Det var pynta med spindelvev og andre skumle saker, og oppe i hovudsalen vart det rigga til diskotek med dansegolv og lyskastarar. 

– Det var så artig å sitje her nede og høyre på ungane som dansa opp i storsalen. Eg fekk tilbakeblikk til da eg var liten og stadig høyrde stampinga i golvet frå aktiviteten oppe, seier Gudnason. 

Flø seier seg einig. For dei to nykomlingane var det stor stas å sjå at lokalet vart så fullt som koronatiltaka tillèt. Med ungar og vaksne – alle frå deira eige lokalmiljø. 

– Det er slike ting eg håpar på. Ein stad der vi skapar noko saman, seier Borelli. 

Ekko frå gamle dagar

Det er mykje latter i “kråa i kroa”. Kråa er ein ekstra innbydande krok i det grå forsamlingsrommet som elles er litt kaldt og nakent, men veldig funksjonelt. Med grått steingolv og grøne og kvite vegger.

Kråa er staden i huset der ein kan føle seg heime, og gløyme at ein er på ungdomshuset ein augeblink medan ein tek ein sup av kaffien som er trekt på det gule kjøkkenet. 

I dei to hyllene som er sette opp, finn vi lokal litteratur, og historiske bind om Hovdebygda sjølv. Det er òg verk av Ivar Aasen å finne blant dei rundt tjue bøkene som står der. 

I gangen og trappa opp til hovudsalen heng det gamle handmåla revyplakatar, med kvar si historie bak seg. Flø stoppar ved den eine, med tre, hus og ein svær, grå kloss i midten. 

– Det er Aasentunet. Denne plakaten vart laga i 1998. Kanskje ikkje så relevant lenger, forklarer ho. 

Sal og revyscene

Det er ein stor sal oppe, og mykje av blikket blir fanga av dei svarte kulissane i enden av rommet. Det er revyscena, eller i alle fall delar av ho. Resten står lagra bak og tek opp mykje plass.

Med ein gong ein trør inn på golvet, kan kan ein forstå at det har vorte dansa der. Det mjuke og slitte tregolvet nærast skrik etter å bli dansa på.

Det luktar gammal furu og støv der inne, og lukta minner ein om alle åra med lite aktivitet. Sjølv revyen har vore på pause i fire år. 

Halloween-festen som var i haust, har ikkje sett nokon spor, for stilla som har dundra gjennom rommet sidan 80-talet er for sterk. Berre broten av ein revy nokre veker i året. Men rom lengtar etter folk – å absorbere liv og lyd frå innbyggarane i Hovdebygda. Forhåpentlegvis blir det meir, mykje meir.  

Tips til andre lag

Gjengen er ikkje i tvil om at arbeidet dei legg ned i huset og laget, er verdt innsatsen. Dei blir energiske når dei pratar om alt dei kan få til. Frå Olsok til dansekveldar, til barnekor og festar. 
Dei har skrapa, hamra, måla og pussa. Rydda, sveitta, vore vertskap og halde møte. 

– Dugnad er kjekt! seier Skaar entusiastisk. 

Dei er også einige om at dersom ein sit med eit litt haltande lokallag eller eit medtatt hus og kanskje har lyst til at noko skal skje, så må ein berre prøve. 

I tillegg meiner dei at det kan vere lurt å appellere til unge med små barn, som gjerne er ei målgruppe som ønsker å skape tilhøyrsle til staden dei bur på.

– Garderoben i barnehagen er ingen dum stad å rekruttere fleire til laget, seier Skaar lurt. 

Denne saka var først publisert i Ungdom / Årsmeldingmagasinet til NU i april 2022