Kva er eit NU-lag?

På bygdene møter du det typiske ”laget i bygda” som er involvert i det meste som skjer i lokalsamfunnet. Du finn dei små laga med få medlemmer og ganske liten aktivitet, du finn ungdomslag med brei aktivitet som gjerne endrar seg frå år til år. Du møter òg lag som har spesialisert seg i ein type aktivitet, til dømes folkedanslag, teaterlag og barnelag.

I byane møter du ofte større lag, bondeungdomslaga (BUL), med særlag innanfor aktivitetar som teater, bunad, musikk og folkedans.

Fellestrekka mellom alle desse ungdomslaga, er at dei jobbar med å skape betre lokalsamfunn gjennom meiningsfylte kulturaktivitetar.

Kven som helst kan bli med i eit ungdomslag, om du er ung eller gammal. I ungdomslaga er det eit stort mangfald og ingen krav om å halde på med ein spesiell type aktivitet. Ungdomslaga skal vere frilynde – altså opne og inkluderande. Ungdomslaga er òg tradisjonsberarar og demokratisk oppbygde.

Tenester til laga

NU-kontoret yter tenester til lokal- og fylkeslaga, for å lette arbeidet til tillitsvalde og tilsette i laga. 

Som medlemslag i NU får laget

  • eit fellesskap i ein av dei aller største kulturorganisasjonane i Noreg med over 14 000 medlemmar
  • møtestader og perspektiv på tvers av generasjonar, interesse, kulturell bakgrunn, religion og politisk syn
  • fagleg nettverk og kunnskap i norsk folkedans, teater, bunad og folkedrakt
  • delta i, og nyte resultata av politisk lobbyverksemd
  • tilgang til fleire støtteordningar enn elles, t.d. Frifond, støtte til opplæring (Vaksenopplæringsmidler), Frifond film og TV.
  • hjelp til å finne fram til og hjelp til å skrive søknad til til dømes Sparebankstiftelsen DnB NOR, Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk kulturråd, Kommunale og fylkeskommunale støtteordningar  
  • forum og nettverk med andre ungdomsgrupper og informasjon frå andre ungdomsgrupper og lag rundt om i landet
  • høve til å leige reiseinstruktør innanfor teater/revy, folkedans og organisasjonsarbeid
  • tilbod om å delta på sommarleir, instruktørkurs med meir
  • laget får påverke prioriteringar og arbeidet til organsiasjonen gjenom å møte med utsendingar på NU sitt landsmøte
  • medlemmer over 14 år får tilsendt medlemsbladet Ungdom, og medlemmene under 14 år får tilsendt Norsk Barneblad, fire gongar i året
  • 15 prosent rabatt til medlemslag på Fiken regnskap. Ta kontakt med Alf Steinar på NU-kontoret om de er interesserte eller lurar på noko 

Spørsmål?
Om du har spørsmål knytt til drift av ungdomslaget ditt, ring gjerne Alf Steinar Nekstad, tlf. 24 14 11 16 eller send ein e-post til alf.steinar@ungdomslag.no