Lov for Noregs Ungdomslag
Sist endra av landsmøtet 24. april 2022

Under landsmøtet 24. april 2022, vart tidlegare §10 Rusgifter endra til §2 Trygg samværskultur, og §9 Målbruk endra til §10 Språkbruk. 

I §2.4 Anking av eksklusjonssaker, som no blir §3.4, er ordlyden endra frå  4. [...] Slike avgjerder kan ankast til årsmøtet i lokallag og fylkeslag og landsmøtet i Noregs Ungdomslag til: 4. [...] Slike avgjerder kan ankast til styret i fylkeslag og styret i Noregs Ungdomslag.

 § 1 Føremål

Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.


§ 2 Trygg samværskultur

1: Noregs Ungdomslag skal ha ein trygg samværskultur for alle og legge til rette for rusfrie møteplassar.

2: Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.

3: Styret i Noregs Ungdomslag vedtek etiske retingslinjer som gjeld for heile organisasjonen. Styret peikar ut to verneombod.

§ 3 Medlemskap

1. Ein medlem melder seg inn gjennom eit lokallag og blir registrert som medlem når årspengar er betalt.

2. Medlemmen kan melde seg direkte inn i Noregs Ungdomslag om det ikkje er lokallag på staden der han/ho bur som det er naturleg å melde seg inn i.

3. Alle medlemer i Noregs Ungdomslag skal ha moglegheit til å påverke arbeidet i organisasjonen Ein medlem har røysterett i organisasjonen frå ein har fylt 14 år, men det skal leggast til rette for at medlemmer utan røysterett også har arenaer for medverknad.

4. Dersom ein medlem medvite motarbeider føremålet til organisasjonen, eller ikkje vil rette seg etter lover og føresegner, kan lokallaget ekskludere vedkomande som medlem. Slike avgjerder kan ankast til styret i fylkeslag og styret i Noregs Ungdomslag.


§ 4 Lokal- og fylkeslag

1. Lag med minst 5 medlemmer over 14 år kan bli godkjent som lokallag i Noregs Ungdomslag. Lokallaget melder seg inn gjennom eit fylkeslag. Styret i Noregs Ungdomslag kan ta opp lag direkte der det ikkje er fylkeslag.

2. Grendehus og forsamlingshus utan medlemsaktivitet kan bli godkjent som beinveges innmeldt lag i Noregs Ungdomslag, med status som huslag.

3. Styret i Noregs Ungdomslag skal godkjenne lovene til fylkeslag og beinveges innmelde lag. Styra i fylkeslaga skal godkjenne lovene til lokallaga. Lovene skal vere i samsvar med lova til Noregs Ungdomslag.


§ 5 Landsmøte

1. Innkalling
Styret i Noregs Ungdomslag kallar inn til landsmøte kvart år. Førebels sakliste skal sendast ut 3 månader før landsmøtet. Omframt landsmøte vert halde når landsmøtet eller styret vedtek det, eller når 1/3 av fylkeslaga krev det. Endeleg sakliste og sakspapir skal sendast ut 1 månad før landsmøtet.

2. Saker
a. Landsmøtet skal kvart år handsame årsmelding og rekneskap med revisjonsrapport for føregåande år og velje styre, revisor og valnemnd. Landsmøtet skal kvart andre år fastsetje kontingentsatsar for medlemsskap og vedta arbeidsprogram og budsjett det påfølgjande året. Desse vedtaka gjeld for ein periode på 2 år.
b. Gjennom lokallag og fylkeslag kan medlemmene kome med framlegg om saker til landsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i Noregs Ungdomslag seinast 8 veker før landsmøtet.
c. Styret i Noregs Ungdomslag avgjer kva saker som skal med på den endelege saklista. Alle saker som er melde i rett tid skal refererast frå talarstolen, med grunngjeving for styret si handsaming av saka. Saker som ikkje er sett på saklista kan etter særskilt vedtak på landsmøtet likevel takast opp.

3. Utsendingar
a. Fylkeslag som har sendt årsmelding for føregåande år, har utsendingsrett til landsmøtet. Lokallag og huslag som har sendt årsrapport og betalt kontingent for føregåande år har utsendingsrett til landsmøtet.
b. Utsendingane frå fylkeslag skal veljast på årsmøtet i fylkeslaget. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Fylkeslag med opp til 1000 medlemmer har rett til 3 utsendingar og vidare 1 meir for kvart påbyrja nytt 1000.
c. Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet eller eit lagsmøte. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Lokallag med opp til 100 medlemmer har rett til 2 utsendingar og vidare 1 meir for kvar påbyrja 100. Kvar utsending har ei røyst på landsmøtet.
d. Utsendingane frå huslaga skal veljast av styret for huset. Kvart huslag har rett til 2 utsendingar til landsmøtet
e. Sentralt tilsette i organisasjonen kan ikkje veljast til utsendingar.
f. Når tvingande grunnar har gjort det naudsynt å avvike frå valreglane, kan landsmøtet godkjenne utsendingar valde på andre måtar.
g. Utsendingane frå fylkeslaga og lokallaga har røysterett når dei er registrerte som betalande medlemmer i Noregs Ungdomslag. Utsendingane frå huslaga har tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett på landsmøtet.
h. Generalsekretæren har talerett på landsmøtet.
i. Dei tilsette sin representant har talerett i saker som vedkjem deira arbeidstilhøve.


§ 6 Styret

1. Styret har ansvaret for at arbeidet i organisasjonen blir drive i samsvar med lov, styringsføresegner, arbeidsprogram og andre vedtak gjort av landsmøtet.

2. Styret bind organisasjonen i økonomiske saker, ved underskriftene til styreleiar og generalsekretær.

3. Styret skal innstille til landsmøtet på val av valnemnd.

4. Styret har 7 medlemmer, og er samansett av leiar, politisk nestleiar, organisatorisk nestleiar og 4 styremedlemmer. 3 personar blir valde som varamedlemmer til styret.

5. Leiar blir vald for eitt år. Styremedlemmene blir valde for to år, slik at halvparten står på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for eitt år.

6. Leiar og dei to nestleiarane utgjer styret sitt arbeidsutval. Styret vel varamedlemmer til arbeidsutvalet blant styremedlemmene. Arbeidsutvalet fungerer mellom styremøta etter mandat frå styret.

7. Dei tilsette i Noregs Ungdomslag sentralt skal ha ein representant i styremøta under handsaming av personalsaker.

§ 7 Valnemnda

1. Valnemnda skal innstille til landsmøtet på val av styre og revisor.

2. Valnemnda er samansett av 5 medlemmer med 3 varamedlemmer. Leiaren vert vald for 1 år, dei andre for 2 år, slik at 2 står på val kvart år. Varamedlemmene vert valde for 1 år.


§ 8 Landsrådet

1. Landsrådet er eit rådgjevande organ for styret. Landsrådet handsamar og gjev tilrådingar til styret i saker som styret legg fram for det. Landsrådet kan også ta opp eigne saker.

2. Landsrådet er samansett av leiarane i fylkeslaga. Styremedlemmene i Noregs Ungdomslag har møte- og talerett i landsrådet.

3. Landsrådet skal ha møte minst 1 gong i året.

§ 9 Innmelding i andre organisasjonar

Fylkeslag og lokallag i Noregs Ungdomslag kan ikkje melde seg inn i andre organisasjonar eller samarbeidsorgan som strir mot føremålet til Noregs Ungdomslag. Laget må melde frå om innmeldingar til styret i Noregs Ungdomslag.


§ 10 Språkbruk


1. Noregs Ungdomslag skal fremje det norske språk- og dialektmangfaldet, og har eit særleg ansvar for å verne om den nynorske skriftkulturen.

2. Tenestemålet i Noregs Ungdomslag sentralt er nynorsk.


§ 11 Utmeldingar, skifte av føremål og nedleggingar

1. Fylkeslag og lokallag som ynskjer å melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må vedta dette på 2 vanlege påfølgjande årsmøte med minst eitt års mellomrom med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Det kan gjerast unntak for eige laget hadde ved innmelding. Slike unntak må gå fram av lover godkjende av Noregs Ungdomslag.

2. Alle lokallag har plikt til å halde årsmøte i samsvar med si eiga lov. Dersom det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden, skal fylkeslaget sørgje for at det blir innkalla til årsmøte i laget. På same måten skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at det blir kalla inn til årsmøte i direkte innmelde lag og fylkeslag når det ikkje er halde årsmøte i samsvar med lovene.

3. Fylkeslag og lokallag som 2 år etter kvarandre ikkje har sendt årsmelding, skal bli kontakta av Noregs Ungdomslag sentralt, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering blir vurderte.

4. Fylkeslag og lokallag som 3 år etter kvarandre ikkje har sendt årsmelding, skal reknast som nedlagde. Lokallag som ikkje fyller krava til lagsdefinisjonen i § 3.1 i 3 år etter kvarandre, skal like eins reknast som nedlagde.

5. Fylkeslag og lokallag som bryt lova til Noregs Ungdomslag og som ikkje vil rette seg etter lovleg påbod frå styret og landsmøtet, skal seiast å ha skifta føremål og kan ikkje lenger stå i Noregs Ungdomslag.

6. Saker i samband med denne paragrafen, kan ankast av det laget saka gjeld til 
landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Landsmøtet tek då endeleg avgjerd.


§ 12 Trygging av eiga

1. Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag.

2. Blir eit lokallag lagt ned, skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at eventuell formue blir nytta til å slette gjeld. Evt. restformue etter dette skal blir nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden.
Om laget ikkje gjennomfører oppløysing av laget innan 6 månader etter nedlegging, skal Noregs Ungdomslag gjennomføre oppløysinga.
Medlemmer i lokallag har ikkje krav på medel eller delar av desse.

§ 13 Om prinsipprogram styringsføresegner og for Noregs Ungdomslag

Landsmøtet i Noregs Ungdomslag skal vedta prinsipprogram og styringsføresegner med utfyllande reglar til lova.


§ 14 Lovendring

Lovendringsframlegg må vere sendt styret seinast 8 veker før landsmøtet. Sjølve lovframlegget må kunngjerast minst éin månad før landsmøtet. Ei lovendring krev 2/3 fleirtal.


§ 15 Oppløysing

Ved ei eventuell oppløysing av organisasjonen må midlane nyttast i samsvar med § 1 i lova.