NU landet rundt: Ei litt annleis Midtsommar-feiring i Henning

Laurdag 18. juni arrangerer Bagabu Ungdomslag ei litt spesiell Midt-sommar-feiring

På Midtsommar-feiringa skal Bagabu UL pynte og reise maistong, men òg gjere noko anna som ein kanskje ikkje koplar med ei typisk midtsommar-feiring. Frå 07.00 om morgonen og til 21.00 på kvelden- heile dagen- skal dei nemleg lese frå Heimskringla frå Snorre. Som ein av arrangørane, Jakob Bjerkem, sjølv skriv: "Vi les frå Snorre – Kringla heimsins – HEILE DAGEN. Inga påmelding. Møt opp! Delta! LES! Vi les, og les, og les og les, og les, og les heile dagen!!!"

Det er andre året på rad at Bagabu UL har høgtlesing frå Snorre Sturlasons Norske kongesoger. Snorre starta på 1200-talet Heimskringla med først å skrive Soga om Olav Haraldson. På same vis starta også Bagabu ul i fjor med å lese om Olav den Heilage. Totalt er det 17 ulike kongesoger. I år skal dei starte med å lese frå side ein i Heimskringla.

Maistong, dans og leik – og enno meir lesing

Rett nok skal dei nemleg ta seg ein pause i halv tretida for å delta på anna program og reising av maistong, der ungane i Granstubben barnehage på førehand har samla ting for å pynte stonga med. Under feiringa av St. Hans som startar klokka tre, skal dei ha innslag både frå barnehagen, tale for dagen, og song frå Båbu mannsong, og litt til. Og så skal dei reise den ferdigpynta mai-stonga, med dans og leik. 

Men så held altså lesinga frå Snorre fram til kl 21 om kvelden, og da håper dei at alle som enno ikkje har deltatt i lesinga, bli med.

Korfor skal de lese frå Snorre? spør vi Bagabu UL-medlem Jakob Bjerkem.

– Vi må jo finne på noko for å ha det litt artig òg, svarer Bjerkem. 

– Og Snorre er ikkje så dumt, held han fram.

Kva var no denne Heimskringla?

For den som ikkje hugsar heilt kva no denne Heimskringla var, låner vi no nokre linjer frå Store Norske Leksikon: Heimskringla er ei samling av norrøne soger om norske kongar i vikingtid og tidleg mellomalder. Sogene vart skrivne ned og sette saman på 1200-talet. Ein reknar med at det er islendingen Snorre Sturlason  som står bak Heimskringla. 

Heimskringla inneheld ein prolog (ei innleiing) og ei rekke soger. Først ei soge om dei førhistoriske og mytologiske Ynglingekongane i Uppsala, og deretter soger om norske kongar fram til og med Magnus Erlingsson. I prologen blir det gjort greie for kjelder og historisk metode.

Kongane du kan lese om, er Halvdan Svarte, Harald Hårfagre, Håkon den gode, Harald Gråfell og Håkon jarl, Olav Tryggvason, Olav den heilage, Magnus den gode, Harald Hardråde, Olav Kyrre, Magnus Berrføtt, Sigurd Jorsalfare, Øystein og Olav, Magnus Blinde og Harald Gille, Inge Haraldsson og brørne hans, Håkon Herdebrei, og soga om Magnus Erlingsson. Ikkje så reint få, med andre ord.

Tips til dei som ønsker å førebu seg godt, er å høyre på NRK Podkast: Kongerekka der Are Sende Olsen fortel soga om dei gamle norske kongane på sitt vis. radio.nrk.no/podkast/kongerekka
Det kan også vera lurt å bu seg med å sjå NRK1 sitt TV-program frå 05.06.2022 – Boken som reddet Norge? https://tv.nrk.no/program/KOID75004321

For den lokalkjende, så føregår arrangementet på Vekreshaugan.