Litt om rettar, speleløyve og kostnadar

Her kan du finne svar på nokre av dei mest stilte spørsmåla om framsyningar, speleløyve og rettar.

Må ein søke om rettar/speleløyve?
Ja! Alle offentlige framsyningar, anten ein krev inngangspengar eller ei, fell inn under åndsverklova og det skal betalast royalties/avgift til alle som eig rettar til manus. Unntaket er dersom ein brukar eit manus i undervisninga eller framfører det internt i teatergruppa. Dersom ein inviterer andre, for eksempel foreldre og venner, er det å sjå som ei offentleg framsyning og ein må ha speleløyve.

Viktig råd om planlegging:
Ta alltid kontakt med Dramas om speleløyve før de byrjar å øve inn stykket!  Det tek tid å behandle søknaden, så de bør rekne at behandlinga av søknaden tek kring ein månad. Slik unngår de at framsyninga blir stoppa før premieren. For dette kan skje og har dessverre skjedd med andre.


Kven har rettar?
Alle som har arbeidd med manuset. For eksempel forfattar, omsettar, komponist og dramaturg. Kven som har rettar til stykket, ser du på manusframsida eller i manusposten på www.dramas.no 
Dersom siste kjende opphavsmann har vore død i minst i 70 år, blir verket frigitt. Men sjølv om til dømes Shakespeare er frigitt, er det sannsynlegvis ein annan som har bearbeidd eller omsett stykket i dei seinare år. Dermed har denne personen rettar til stykket, og skal ha royalties.
Hugs også at dersom de skriv noko sjølve, eller omset nokon andre sitt manus, kan de da ha rettar i eit seinare høve  om nokon andre brukar dykkar manus/dykkar omsetjing. (Hugs at om de omset nokon andre sitt manus, må de allikevel søke om speleløyve, samt retten til å omsetje dette manuset). 


Korleis søker ein om rettar/speleløyve?
Heldigvis er det ikkje vanskeleg å søke om speleløyve på Dramas. Gå inn på www.dramas.no søk opp tittelen du ønsker å setje opp. Bestill for framføring og fyll ut den elektroniske søknaden som kjem opp. Du gjer det på same måte når du bestiller manus for lesing, men da slepp du å fylle ut elektronisk søknad. 


Kva må med i søknaden?
Det Dramas (og andre) absolutt må vite, er speledatoane, billettpris, antal sitteplassar, og om ein treng manus eller notar.


Kva kostar det å setje opp eit stykke?
Det varierer etter type verk og diverse anna. Konkrete prisar kan berre bli opplyste om ved ein formell søknad. For eksempel kostar utanlandske musikalar meir enn norsk dramatikk. Ved musikalar kjem det noteleige i tillegg. På Dramas finn du rettleiande prisar : www.dramas.no.
 
Kva skjer vidare med søknaden hos dramas?
Den blir send vidare til riktig rettshavar og ved godkjenning lagar dramas kontraktar. Til slutt, på grunnlag av billettrekneskapen, reknar me ut kva som skal betalast og lagar faktura til gruppa/laget.


Kva må dramas-søkaren gjere vidare?
De må signere kontrakten, og sende dette tilbake til Dramas.  I kontrakten og følgebrevet står det alltid mykje viktig informasjon, og gruppa har ansvar for å lese dette nøye. Dramas treng også speleplanen, og når framsyninga er ferdigspelt, skal dei ha billettrekneskapen.


Kor lang tid tek det å få søknaden behandla?
Behandlingstida på framføringssøknader er alt frå ei veke til ein månad. Det er avhengig av kor lang tid for eksempel forlaga brukar på å behandle den. Lesesøknader skal behandlast innan to veker.


Kven bestemmer kva det skal koste, og kven gir speleløyve?
Det krevst løyve frå alle rettshavarar og/eller dei som forvaltar rettane. Det er også dei som bestemmer kva det skal koste. 


Må ein bruke Dramas for å søkje om rettar/speleløyve?
Dramas i regi av Teateralliansen har oppgåva med å klarere speleløyve for norske amatørteaterproduksjonar. Om ein vender seg direkte til for eksempel forlag, blir ein som regel beden om å vende seg til dramas. Dramas er også nøkkelen til ein enklare måte å administrere ein amatørproduksjon på.


Kan kven som helst bruke Dramas?
Ja, alle kan bruke Dramas og bestille manus for gjennomlesing. Søknader om framføring/speleløyve blir kun behandla for norske amatørproduksjonar.

Kvar får ein tak i notar og musikk?
Når ein får speleløyve for ein musikal, operette og liknande, omfattar dette normalt alle rettar til originalverket. Oftast får ein leige notar direkte frå forlaga, der prisane er lagt med i kontraktane Dramas lagar. Om ein ikkje har sagt noko anna i søknaden, får ein notar seinast tre månader før premieren. Det er viktig at det kun er det autoriserte notematerialet som blir brukt. Ein kan heller ikkje omarbeide  musikken, og det er kun dei originale musikkinstrumenta som skal brukast. Når det gjeld norske musikalar, har Dramas noko notar. For eksempel har dei fullt orkestermateriale og singback-CD til alle manusa til Torbjørn Egner.

Dersom regissøren er profesjonell, er det ein amatørproduksjon da?
Ja. Det er kun skodespelarane som må vere amatørar.

Om du har fleire spørsmål om speleløyve, rettar og kostnader, ta kontakt med Dramas.

 
Tvi, tvi!