Barn og ungdom

Noregs Ungdomslag er ein av dei største barne- og ungdomsorganisasjonane i landet med vel 4 000 unge medlemmar. Vi vil styrke barn og ungdom si reelle makt på alle nivå i organisasjonen og i samfunnet generelt. Ungdomslaga skal vere sosiale møtestader der barn og ungdom blir vist tillit, og får fridom til og ansvar for å forme sine eigne aktivitetar og meiningar.