Kommande kurs i NU

Her legg vi ut informasjon om dei kommande kursa vi arrangerer i NU.

Tradisjonen tru, vil det under NORDLEK i Arendal i 2024 bli arrangert eit nordisk ball, der ein dansar eit utval av turdansar; kvadriljar, rekkedansar og pardansar, frå kvart av dei fem nordiske landa.

Danserepertoaret er sett, og fram mot stemnet tilbyr Noregs Ungdomslag v/Anders Kirkhus og Erik Hestnes, kurs i desse dansane.

I haust er det sett ned eit instruktørteam som har tatt på seg å reise ut og halde kurs. For å få best mogleg utbytte av eit kurs i desse dansane, bør ein helst vere minimum åtte par på kurset. Det kan vere fornuftig å legge opp til eit helgekurs, gjerne fleire grupper i samarbeid med kvarandre. Instruktørane tilbyr kurs utan å ta honorar, men vertskapet må betale for kurslokale, nødvendig overnatting, mat og billigaste reise tur/retur heimstad for instruktørane. 

Viss du eller laget ditt ønsker meir informasjon om dette kurstilbodet, ta kontakt med Erik Hestnes (erik@trollfaret.no) eller Anders Kirkhus (anders.kirkhus@sintef.no). De kan også ta kontakt med folkedansrådgivaren på NU-kontoret på telefon 24 14 11 14.

Trykk her for å lese det Erik Hestnes skriv om kurset

Helga 18.-19. november blir det grunnleggande instruktørkurs i Ørsta.

Instruktør: Inga Myhr
Musikar: Sigrid Stubsveen

I samarbeid med Ørsta Ungdomslag inviterer vi til grunnleggande instruktørkurs i Ørsta helga 18.-19.november 2023. Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag.

På kurset vil du lære eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om folkedanssjangeren og du lærer metodar for å lære bort og leie dans. Kurset er praktisk lagt opp og instruktøren vil ta utgangspunkt i ulike dansar for å gi deltakarane verktøy til korleis lære vekk folkedans til andre. Kurset legger også opp til refleksjon, erfaringsutveksling og diskusjon. 

For påmelding og meir informasjon, gå til denne sida

Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.

Tidlegare gjennomførte kurs i NU

Her kan du sjå kva kurs vi har hatt i NU dei siste åra.

2023

  • 7.-8.januar: Instruktørkurs i folkedans med fordjuping i turdans (Skjetten). Instruktør: Siri Mæland / Musikar: Einar Olav Larsen
  • 25.-26.mars: Grunnleggande instruktørkurs i folkedans (Arendal). Instruktør: Audun Grüner-Hegge og Anbjørg Myhra Bergwitz / Musikar: Jon Hjellum Brodal
  • 6.-10.april: Nordring på Bornholm.

2022

  • 16. januar: Oppstartssamling instruktørkurs i runddansrytmar med Siri Mæland (digitalt)
  • 26.-27. februar: Instruktørkurs i runddansrytmar med Stian Roland (Oslo)
  • 4.-6. mars: Teaterkurs i Sandefjord. Ein av fire modular i kursrekka scenerom. Fokus på instruksjon, regi og produksjon av manus i arbeid med skodespelarar.
  • Hovudinstruktør: Heljar Berge.
  • 11.-13. mars: Teaterfagleg helg, med tema «eigarskap». (Avlyst grunna for få påmelde).
  • 1.-3. april: Teaterkurs i kursrekka Scenerom, i Frilynt Norge sine lokale i Sandefjord. Ein av fire modular. (http://frilynt.no/scenerom)
  • 14.-15. mai: Instruktørkurs med ungdomsfokus med Inga Myhr og Torill Steinjord (Oslo)
  • 24.-25. september: Grunnleggande instruktørkurs i folkedans (Trondheim) i samarbeid med Bondeungdomslaget i BUL i Nidaros. Instruktør: Torill Jørgensen / Musikar: Jørgen Bønstu Nyrønning
  • 7. september: Webinar om vaksenopplæringsmidlane v / Liv Skogstad Mikalsen i Studieforbundet
  • 19.-20.november: Barneinstruktørkurs i folkedans (Voss) i samarbeid med Voss UL og Hardingfela.no. Instruktør: Anna Liv Skjelten Gjendem / Musikar: Britt Elise Skram.

2021

  • 1.-3. oktober: Sandefjord (teater). Scenerom i samarbeid med Norsk Amatørteaterforbund, Frilynt Norge og Studieforbundet kultur og tradisjon. (http://frilynt.no/scenerom)
  • 12.-14. november (avlyst): Steinkjer (ungdomssamling teater/musikk/dans) Planlagd samarbeid med Hilmarfestivalen om ei haustsamling for ungdom HilmarUng, i Steinkjer. Det var lagt opp til mange ulike kurs samt sosiale aktivitetar, for ungdom i alderen 14-26 år.
  • 12.-14. november: Sandefjord (teater). Scenerom i samarbeid med Norsk Amatørteaterforbund, Frilynt Norge og Studieforbundet kultur og tradisjon. (http://frilynt.no/scenerom) Hovudinstruktør: Heljar Berge.

2020

  • 31. januar-2. februar - Grunnleggane instruktørkurs m/ Anbjørg Myhra Bergwitz og Audun Grüner-Hegge (Stavanger)
  • 18.-19. januar - Fordjuping i pardans m/ Vegar Vårdal (Skjetten)

2019

  • 12.-13. januar - Instruktørkurs i revy (Tennevoll)
  • 8.-10. februar - Fordjuping i folkeleg pardans del 1 m/ Vegar Vårdal (Oslo)
  • 8.-10. mars - Instruktørkurs i Suldalsspringar m/ Vegar Vårdal (Stavanger)
  • 15.-17. mars - Fordjuping i folkeleg pardans del 2 m/ Vegar Vårdal (Oslo)
  • 26.-28. april - Barneinstruktørkurs m/ Trine Sjølyst (Oslo)
  • 26.-27. oktober - Grunnleggande instruktørkurs m/ Anette Figenschou (Lakselv)
  • 30. november-1. desember - Grunnleggande instruktørkurs m/ Trine Sjølyst (Bergen)

2018

  • 12.-14. januar - Fordjuping i turdans m/ Tor Stallvik (Skjetten)
  • 27.-29. april - Samdansteknikk m/ Vegar Vårdal (Oslo)
  • 13.-14. oktober - Barne- og ungdomsteater m/ Tobias Avlund Heiberg (Kvinesdal)
  • 24.-25. november - Instruktørkurs med Folkepedia m/ Halldis Folkedal (Tyssedal)