Ungdom

Ungdom er medlemsbladet i Noregs Ungdomslag. Bladet har eit opplag på ca. 4 500, og blir sendt til medlemmar i organisasjonen, samarbeidsorganisasjonar og andre interesserte. Medlemmar under 14 år får tilsendt Norsk Barneblad. 

Bladet har artiklar frå aktivitetar og prosjekt i organisasjonen, lokale og sentrale nyheiter, intervju, featureartiklar, debattinnlegg, informasjon om framtidige arrangement og mange bilete frå ulike hendingar. 

Informasjonsrådgjevaren er redaktør medan ansvarleg redaktør er Kai Roger Vatne. Bladet er som regel på 28 sider inkludert omslag og kjem ut to til fire gonger i året. Har du lyst til å skrive i Ungdom? Send ein e-post til post@ungdomslag.no.

Bladet blir lagt ut digitalt på issuu.com. Her ligg òg alle utgåver etter 2010 ute.