Har laget driftskostnadar?

Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. 

Det er viktig at laga får refundert så mykje som mogeleg. Styret i Noregs Ungdomslag har difor gjort vedtak om at vi frå og med 2023 går over frå forenkla modell til dokumentert modell. I forenkla modell fekk laga kompensert 8% av dei samla utgiftene ein hadde. I dokumentert modell får laget kompensert alle momsutgiftene.  
 
Det tek litt tid å fylle ut søknaden og vi er klar over at dette vil skape ein del meirarbeid i søknadsprosessen, men dei fleste av våre lag vil få utbetalt ein høgare sum etter denne modellen. 

Vi har sett opp nettmøte med informasjon og rettleiing måndag 22. mai og 31. mai kl 18.00.  
Møtelenke 22. mai finn du her og lenka til nettmøte den 31. mai finn du her

I tillegg kan laga ta kontakt på post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no for å få hjelp til å vurdere transaksjonar og avkorting.  

Søknadsfristen er 15.juli
For lag som endå ikkje har levert momskompensasjonssøknad, så er det ikkje forseint.
Ny frist er 20. august.  

Korleis søke?

Søknad om momskompensasjon vert sendt Noregs Ungdomslag på eige skjema her innan 15. juli. Send inn skjema som vedlegg til post@ungdomslag.no. Noregs Ungdomslag vil etter dette kontrollere søknadane og sende felles søknad til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Utbetaling vert i siste halvdel av desember. 

For å kunne søkje om momskompensasjon må laget sørge for at nokre formalitetar er i orden: 

  • Årsrapport skal vere levert til NU når laget sender inn søknaden 
  • Kontingentkravet til NU må vere betalt innan momskompensasjonen blir utbetalt. 

  • Laget må være registrert i Frivilligheitsregistret. 

Kva skal med i søknadsskjema?

Dokumentert modell tar utgangspunkt i faktiske meirverdiavgiftskostnadar organisasjonen har hatt i 2022.  

Laget må sende inn ei oppstilling over alle rekneskapsbilag med mva for sist år og spesifisere meirverdiavgiftene. Det er ein del kostnadar som organisasjonane ikkje får kompensert (t.d. nybygg), og dei skal ikkje vere med i oppstillinga. Søknadsbeløpet er dei samla meirverdiavgiftskostnadene etter att avgrensingane er gjort. 
 
Transaksjonslista finn de i søknadsskjemaet
 
Søknadsskjemaet i Excel har sju arkfaner (til venstre i botn av arket). Dersom laget ikkje har utleige meir enn 20 dagar i året treng ein ikkje gjere avkorting og kan sjå vekk frå dei fanene det står utleige på.  
 
Det er ei arkfane for transaksjonar med kvar av dei tre momsprosentane, 25%, 15% eller 12%. På billaget i rekneskapen finn ein både brutto sum og  kor mykje moms som er betalt. Før dette inn på rett fane med bilagsnummer og kva det gjeld. Totalsummen for kvar momsgruppe blir automatisk summert og ført inn i arkfana som heiter «Oppsummering». 
 
Avkorting for dei laga som driv med utleige:  
Laga må skilje ut mva frå kostnadar som ikkje gjeld aktivitet i eige lag (t.d. bryllaup) og gjere eit overslag på kor mykje av driftskostnadane som skal avkortast. I søknadsskjemaet fyller du inn prosentdel av arealet av huset som er leigd ut, og tal utleigedagar per år. Då kjem avkortinga automatisk.   

Kva skal ikkje med?  
Momskompensasjonsordninga gjeld frivillig arbeid og har nokre avgrensingar. Mellom anna får ikkje organisasjonar refundert mva-kostnader som ikkje ville blitt refundert gjennom det ordinære mva-systemet. 

Laga i Noregs Ungdomslag driv frivillig arbeid og det er hovudsakleg kostnader til nybygg, påbygg eller ombygging av bygg, anlegg eller annan fast eigedom som ikkje skal med. De kan lese meir om avgrensingane på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.

Søknadsskjema for lokallag og fylkeslag 2023.  

Utfylt skjema skal sendast til Noregs Ungdomslag på e-post post@ungdomslag.no innan søknadsfristen 15. juli. 

Les meir på Lotteri- og stiftingstilsynet sine nettsider: 
https://lottstift.no/for-frivilligheten/momskompensasjon-pa-varer-og-tjenester/dokumentert-modell/ .

Informasjon frå nettmøte mai 2023

Video frå nettmøte 30. mai kan du sjå her. På nettmøtet vart det forklart om korleis søkjer og kva som er viktig og tenke på. Med i videoen er det og spørsmål frå deltakarane og svara dei fekk. Presentasjonen som vart vist fram under nettmøtet finn du her