Store forsikringspengar å spare som medlem

NU og lag i NU med lagshus kan gjere bruk av alle gode innkjøpsavtalar gjennom Knif (Kristen-Norges innkjøpsfellesskap), og forsikringsordningar gjennom  Knif-forsikring. Lag med hus har spart mange pengar gjennom å gå inn på denne avtalen. Eit døme på dette er Hellfjell Ungdomslag i Mosjøen. Ungdomsalget og andelslaget for grendehuset fekk forsikringspremien redusert med 25 000 kroner ved å byte forsikringsselskap. 

Les meir på heimesida til Knif-forsikring

Spelemidlar

”Desentralisert tilskotsordning for regionale og lokale kulturbygg” er ein del av spelemidlane frå Norsk Tipping og blir forvalta av fylkeskommunane. Det finst nokre overordna reglar, men retningslinjer, søknadsprosedyre og fristar er ulike frå fylke til fylke. Undersøk både med kommunen og fylkeskommunen (kulturavdelinga).
 

Stiftingar, fond, legat m.m.

Sparebankstiftelsen (DnB), Gjensidigestiftelsen, Tryg, If, lokale bankar og forsikringsselskap m.fl. har årlege tilskot til barne-, ungdoms-, kultur- og fritidsarbeid. Sjekk og lokalt næringsliv og legathandboka.no.