"Hus bygger lag"

Dette fyndordet frå ein ukjent filosof seier mykje om kva husa har hatt å seie for lokallaga i Noregs Ungdomslag. For det første er trivelege samlingsstader eit vilkår for all sosial og kulturell verksemd i bygd og by. For det andre er ein vellukka byggedugnad engasjerande og samlande for dei som er med.
Ungdomshusa vaks fram rundt 1905 og hadde si største blomstringstid i 1920- og 30-åra. Men ungdomslagshusa var og er ikkje berre klubbhus for skrivne lagsmedlemmer. Ungdomshusa blei viktige grendehus og kulturhus i sine område. Enno i dag veit vi at om lag 100 av dei rundt 300 ungdomshusa i NU, er det einaste kulturhuset i si bygd, - og i omlag 200 av bygdene der det finst NU-hus er det ikkje tilgang til offentleg kulturbygg. Dette fortel at ungdomshusa er viktige institusjonar - både før og no.

Det er er store utfordringar med å halde eit slikt samlingshus opp til dagens standard og krav til komfort. Difor har mange ungdomslag sett på nye måtar å eige husa på. Det viktigaste er å finne løysingar som sikrar gode samlingsplassar for lokal kulturverksemd i framtida.