Lagsfordelar

Lurer laget på om de skal bli medlem av Noregs Ungdomslag? Ta kontakt med Alf Steinar på NU-kontoret om de er interesserte eller lurar på noko: tlf. 24 14 11 16 eller send ein e-post til alf.steinar@ungdomslag.no 

Som medlemslag i Noregs Ungdomslag har ein t.d. desse fordelane:

 

Tilgang til fleire støtteordningar enn elles:

Det er veldig enkelt å søke om Frifond-midlar via oss i NU: 

  • Har laget mindre enn fem medlemmar under 26 år, kan laget få 4 000 kr i oppstartstilskot for å starte opp barne- og ungdomsaktivitet.  
  • Har laget fem eller fleire medlemmar under 26 år, kan laget søke aktivitetstilskot. Grunnbeløpet per lag er 4 000 kr, samt eit variabelt beløp per medlem. I 2021 var dette beløpet 445 kr. Eit lag med 30 medlemmar under 26 år, vil dermed kunne få 4 000 + (30 x 445), altså 17 350 kr til barne- og ungdomsaktiviteten i laget! 
  • Har laget teateraktivitet for barn og unge, kan de i tillegg søke prosjektmidlar for teater. I 2021 fekk laga som søkte tildelt 7 360 kr frå Frifond-potten til NU. 


Støtte til opplæring (Vaksenopplæringsmidlar):  
Alle laga kan søkje om midlar til kurs- og opplæringsaktiviteten i laget, gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon. Per i dag er tilskotet kr 95 pr time. Eit opplæringstiltak som går over 8 timar, og som har minimum 5 deltakarar over 14 år vil t.d. kunne få eit tilskot på kr 760.

 

Gode avtalar og rabattordningar gjennom KNIF

  • Gjennom KNIF Trygghet kan laga få gode forsikringsavtalar for både ungdomshuset og aktiviteten sin. Vi har fleire døme på ungdomslag som har spart mellom kr 10.000 og 20.000 på å skifte forsikringsselskap til KNIF Trygghet.
  • Gjennom KNIF Innkjøp har medlemslaga våre tilgang på gode innkjøpsordningar på alt frå forbruksmateriell til inventar.

 

Rabattavtale i Byggmakker

  • Noregs Ungdomslag har inngått avtale med Byggmakker som gir lokallaga solide rabattar på heile sortimentet, som trelast, byggevarer, festmateriell, jernvarer, verktøy, målling og andre forbruksartiklar. Avtalen gjeld for alle butikkar i Noreg: 52 Byggmakker-butikkar og og 25 Carlsen Fritzøe-butikkar. Rabattsatsane vil variere for ulike leverandørar og produktkategoriar - opptil halv pris. Ta kontakt med dykkar lokale forhandlar, og vis til avtalen med Noregs Ungdomslag.  Kontaktinformasjon til forhandlarar finn du ved å laste ned dette Excel-skjemaet.

 

Fiken regnskap

  • 15% på Fiken regnskap. Dette er eit online reknekapsprogram som passar godt til lokallag og små selskap. Ta kontakt med Alf Steinar på NU-kontoret om de er interesserte eller lurar på noko: tlf. 24 14 11 16 eller send ein e-post til alf.steinar@ungdomslag.no 

 

Teatersminke og spesialeffekter

  • Lag og medlemer får 15 prosent rabatt på teatersminke og spesialeffekter i nettbutikken til Frilynt Kostmask.no. Ta kontakt med NU-kontoret for å få tilsendt rabattkode.

 

Kompetanseheving

  • Vi tilbyr instruktørkurs i både teater og folkedans, for at laga skal få gode instruktørar til aktiviteten sin. Kursa er rimelege, og blir arrangert rundt om i heile landet
  • Medlemslaga i Noregs Ungdomslag har også moglegheit for å leige ein gjesteinstruktør heim til laget. For ein fast pris kr. 5000 får laget ein instruktør heim til laget sitt ei heil helg. Denne prisen inkluderer både reise, overnatting og honorar til instruktøren, då resten av kostnadene blir dekt av NU.
     

Avtale med Gramo

NU har ein samleavtale med Gramo. Gjennom avtalen dekker NU kostnadane for bruk av innspelt musikk til m.a. øving, ungdomsklubb, arrangement og framføring. Dette gjeld òg undervisningsfilm, slik som Folkepedia. Lokallaga i NU treng ikkje å rapportere på bruk av innspelt musikk.

Avtalen gjeld ikkje for bruk av levande musikk eller bruk av innspelt musikk som høyrer til teatermanus. For musikk som høyrer til teatermanus, må laga gjere ein eigen avtale. Du kan lese meir om dette på nettsidene til Dramas.

Du kan lese meir om avtalen her