Nordisk Sommarleir 2024

Neste år blir det nordisk Sommarleir i Agder frå 12.-16.juli. Denne blir arrangert i samband med det nordiske folkedansstemnet NORDLEK

På nordisk Sommarleir vil du treffe ungdommar frå alle dei nordiske landa og du kan vere med på kurs i teater, folkedans, folkemusikk, handverk med meir.
Sommarleiren er ein ypperleg stad for å stifte nye vennskap samtidig som du lærer nye ting gjennom kurs og opplevingar. Sett av datoen allereie no og følg med når påmeldinga opnar. 

Følgj med på www.sommarleiren.no for meir informasjon. 

Sommarleiren til Noregs Ungdomslag

Sommarleiren er den nasjonale møteplassen for ungdommar i alderen 13-25 år, og blir arrangert i månadsskiftet juni – juli kvart år. Sommarleiren blir arrangert ulike stader i landet for kvart år, ofte på ein folkehøgskole eller liknande.

På sommarleiren kan ein delta på kurs i teater, dans, musikk og mykje meir. I tillegg til kursprogrammet, legg vi stor vekt på samvær med andre ungdommar innanfor trygge rammer. Om kveldane er det mange aktivitetar, frå dansefest til konkurransar og improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet laurdagen. 

For ungdommar frå 13-25 år

Aldersspennet frå 13-25 år, har vist seg å vere ein styrke for leiren og det sosiale miljøet. Noregs Ungdomslag er ein generasjonsorganisasjon som har lange tradisjonar for å invitere til arrangement på tvers av aldrar. Vi har god erfaring i å la både yngre og eldre ungdommar møtast gjennom aktivitet og sosialt samvær.

Dei eldste deltakarane har som oftast sjølve vore med på sommarleiren i mange år og veit korleis det er å vere blant dei yngste. Deltakarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre og til å inkludere alle.

Les meir om Sommarleiren her.