Avtale mellom Gramo og NU

Noregs Ungdomslag (NU)  og Gramo  

NU har ein samleavtale med Gramo. Gjennom avtalen dekker NU kostnadane for bruk av innspelt musikk til m.a. øving, ungdomsklubb, arrangement og framføring. Dette gjeld òg undervisningsfilm, slik som Folkepedia. Lokallaga i NU treng ikkje å rapportere på bruk av innspelt musikk.

Avtalen gjeld ikkje for bruk av levande musikk eller bruk av innspelt musikk som høyrer til teatermanus. For musikk som høyrer til teatermanus, må laga gjere ein eigen avtale. Du kan lese meir om dette på nettsidene til Dramas.

Om  Gramo   

Gramo er ein non-profit-organisasjon som er til for at artistar, musikarar og mastereigarar skal få betalt, når musikken deira blir brukt. 
Vederlaget som kjem inn til Gramo frå brukarar av musikken (altså frå dykk), blir fordelt ut til artistar og eigarane av musikken. 

Dersom ein brukar innspelt musikk i offentleg samanheng, til dømes på ein pubkveld, skal ein ifølge norsk lov betale til dei som eig musikken. 
Det står i åndsverklovas § 21 og i forskriftene til lova. Kulturdepartementet har autorisert Gramo til å krevje inn og fordele pengane (vederlaget) på vegner av musikarane, artistane og plateselskapa.  

Du kan lese meir om dette på nettsidene til Gramo

Skilnaden mellom  Gramo  og Tono  
Både Tono og Gramo tek vare på rettane til dei som lagar og eig musikk. Skilnaden er at Tono betaler ut pengar til dei som har skrive ein låt, og Gramo betaler ut pengar til dei som har sunge, spelt og gitt ut låta. 

Når du betaler til Gramo og Tono, følger du norsk lov og du kan spele all musikk du måtte ønske. NU har per dags dato ikkje ein sentral samleavtale med Tono, så laga førebels rapportere inn sjølve direkte til Tono.  

Du kan lese meir om Tono her