Noregs Ungdomslag som bunadsorganisasjon

Noregs Ungdomslag har ei rik og lang historie som ein organisasjon som er opptatt av bunad. Heilt sidan Hulda Garborg reiste rundt i landet og inspirerte til bunadsarbeid, har bunaden vore ein del av arbeidet til norskdomsrørsla og andre organisasjonar. Med Klara Semb kom bunad inn som ei sentral arbeidsoppgåve for Noregs Ungdomslag. Lag og medlemmer har lagt grunnen for mange av bunadene som er i bruk i Noreg i dag, og i praktisk bruk er det ingen som brukar bunaden meir enn medlemmene i ungdomslaga. Noregs Ungdomslag skal vere ein interessant organisasjon for både bunadstilverkarar og bunadsbrukarar.

Utviklinga av bunaden
På andre halvdel av 1800-talet byrja ein over heile landet å bruke hardangerdrakta som festplagg, og drakta vart kalla ”nationalen”. Hulda Garborg var den første som nytta ordet ”bunad” om den folkelege draktskikken, og ho fremja bruken aktivt. Det kom raskt eit ønske om å få regionale og lokale drakter som hadde same funksjonen. Nokre stader fanst det ein levande folkedrakttradisjon som kunne dokumenterast tilbake i tid, andre stader fann ein bilde av gammal draktskikk som ikkje var i bruk lenger og andre stader fann ein andre førebilde. Slik fekk ein ulike grunnlag for bunadene: levande folkedrakttradisjon, rekonstruert folkedrakttradisjon og drakter med grunnlag i einskildplagg eller andre mønster. Alle desse blir i dag kalla bunad.

Heilt sidan starten har altså ideen for bunadsarbeidet vore å finne fram til gamle klestradisjonar og skikkar, og la dette vere inspirasjon for samtidige bunader. Draktforskinga har stadig utvikla seg. I 1947 fekk vi Landsnemnda for bunadsspørsmål, som seinare er omorganisert to gonger, og no er Bunad og folkedraktrådet. NU har støtta desse forskingsorgana heilt frå starten og fram til i dag. Frå 1980-talet hadde forskinga kome så langt at ein kan snakke om rekonstruksjon av gamle drakter.

Det er parallelt med denne forskingsutviklinga laga ymse drakter som ikkje er baserte på lokal eller regional drakttradisjon. Dei kan nytte teknikkar og snitt frå bunadtradisjonen, men er produkt av fantasien til den aktuelle formgivaren. Etter kvart som bruken av desse draktene har auka vil mange oppfatte desse som bunader. Det er dei ikkje.

Bunaden - eit identitetsmerke
Etter at Noreg vart sjølvstendig, vart det raskt ønske om regionale drakter som kunne vise at ein var trønder, nordlending eller egde. Folkehøgskolane var viktige i dette arbeidet. Elevane kom oftast frå bygdene rundt skolen, slik at dei hadde felles interesse i å skape seg ein bunad for sitt distrikt. Bunadrørsla kan sjåast som eit godt bevis på at norskdomsrørsla kan hende ikkje var så einsrettande som nasjonale rørsler i andre land. Ein har ”bunad” som eit omgrep, men dette omgrepet dekker ein enorm variasjon i snitt og fargar.

Etter kvart er bunadene vortne sterke identitetsmerke, og kan vekke sterke kjensler om noko blir oppfatta som feil. Sterke kjensler kan det også vekke om nokon lagar ein annan bunad til dømes ved å rekonstruere ei folkedrakt for det same distriktet. Ønsket om det historisk korrekte kan altså komme i vegen for eldre bunader i distriktet som identitetsbyggar. Sjølv om ein bunad som vart laga på 1920-talet kan hende ikkje var beinveges kopi av gammal drakttradisjon, har det faktum at han har vore brukt i 80 år gjort at han kan sjåast som det plagget som har vore lengst i bruk i distriktet, og dermed svært tradisjonsrikt. 

Bunadsproduksjon
Den økonomiske utviklinga i samfunnet har gjort at det er særs vanskeleg å forsvare handverk mot maskinproduksjon reint prismessig. Den økonomiske globaliseringa har òg gjort at nokre bunadstilverkarar får gjort handsaumen i u-land som Ghana, Vietnam eller Kina. I Noregs Ungdomslag sin tradisjon er sjølve produksjonen ein del av opplevinga av å få seg ein bunad. Mange lærer å sy nokre av delane eller heile bunaden sjølve. Dette gjer at bunaden ikkje berre er eit vanleg plagg, men eit kulturprodukt der beraren er med i prosessen.

Noregs Ungdomslag bygger på medverknad og sjølvkjensle, og vi meiner det er ein viktig del av bunadsarbeidet vårt at vi stimulerer bunadsbrukarane til å gjere så mykje som mogleg sjølve. Dette aukar kjensla for plagget og respekten for dei som står før ein i tradisjonen. Dersom folk får kunnskap om korleis bunaden er og har vore, får ein òg eit betre grunnlag for utvikling av bunadstradisjonen i framtida.