Endeleg vart det Nordleik-stemne igjen!

Etter tre år med pause frå Nordleik-stemne, var det mange som sette pris på å endeleg få treffe igjen dansarar og spelemenn frå heile Norden på Færøyane i sommar. Om lag hundre deltakarar frå Noreg fann vegen til Tórshavn og HAVLEIK 2022.

I regn, vind og sol, ja i ekte varierande Færøyvêr, kunne deltakarane danse, leike, skravle og synge fire dagar til ende.

Dei færøyske arrangørane i Slaið Ring var takksame og glade for å kunne invitere vennar frå Danmark, Finland, Grønland, Island, Noreg og Sverige til det tredje HAVLEIK på Færøyane. Saman med dansarar frå vertslandet var det om lag 600 stemnedeltakarar som fann vegen til Tórshavn. Mange måtte diverre sjå seg utklassa av både flystreik og dårlege vêrforhold, men dei aller fleste greidde å finne vegen til stemnet. Dei som gjorde det, kunne glede seg over fire dagar med dans, song, utflukter, kulturopplevingar og hygge i lag med gamle og nye vennar.

Opningsseremoni

Onsdag 13.juli vart stemnet opna med prosesjon, talar og danseframsyningar i Tòrshavn sentrum. Heldigvis var vêrgudane på lag med stemnearrangørane slik at framsyningane kunne finne stad utandørs for eit større publikum. Det er nemleg ikkje gitt at vêret på Færøyane er så godt, og seinast dagen før hadde fleire måtte snu då flyet ikkje kunne lande på grunn av mykje vind.

Kvart av landa hadde sin bolk med framsyning under opningsseremonien. Noreg sitt innslag bestod av langedans, “Horpa” og reinlender. Det var tolv dansepar og fem musikarar frå Noreg som deltok under opningsseremonien, og desse hadde fått litt tid til å øve på førehand. Opptak av Noreg sitt bidrag under opningsseremonien kan du sjå her: HAVLEIKUR 2022, åbningsceremoni: Norge har opvisningsdans. Du kan òg finne opptak av dei andre landa sine bidrag på Slaið Ring sin YouTube-profil.

Etter dans og framsyning i sentrum, gjekk alle stemnedeltakarane i høgtideleg prosesjon frå sentrum og opp til Nordens Hus der kvelden fortsette med dans og spel.


Nordens Hus – ein base for dansen

All sosial dans dei første tre kveldane fann stad i Nordens Hus, ein sjølvsagt plass for eit nordisk stemnearrangement. Med dans i to salar og rom for mat og prat utanfor dansegolva, vart Nordens Hus ei fin ramme. Kveldane var lagt opp med danseleiing, der kvart land hadde sine økter der dei kunne vise og leie dans av ulik art. Noreg, som var eitt av landa med flest deltakarar, hadde til saman seks danseøkter i Nordens Hus. Dei norske danseleiarane heldt økter med både turdans, songdans, bygdedans og runddans. Våre nordiske vennar fekk eit godt innblikk i dei norske dansevariasjonane, og med drivande godt spel frå ein stor gjeng musikarar frå Noreg, vart alle danseøktene ein suksess.

Dei fleste forbind stemne i Nordlek-regi med dans, men dansen er så tett knytt til musikken at slike stemne òg må vere ein naturleg stad for musikarar å ville reise til. Frå Noreg var det 12 deltakarar som hadde pakka med seg fela, toradaren, gitaren, vaskebrettet eller kontrabassen, og dette merka stemnedeltakarane godt. Det gjer noko med danseopplevinga når ein er så heldig å ha levande musikk til, og for musikarane er det kjekt å kunne spele til dans. Forhåpentlegvis vil det reise både mange dansarar og musikarar til stemne dei neste åra.

Utflukt og kulturutveksling

For mange var HAVLEIK 2022 deira første møte med Færøyane. Då blir det sett ekstra stor pris på at ein kan sjå litt meir av landet enn berre stemnestaden. Torsdag under stemnet var det lagt opp til utflukter til lokale bygder. Dei norske deltakarane var delt på ulike grupper som reiste til Eysturoy, Vágar og Klaksvik. I desse bygdene fekk stemnedeltakarane omsyning, foredrag og moglegheit til å treffe dei lokale danselaga. Det vart invitert til lunsj og dans saman med lokale danselag og dei norske fekk høve til å syne fram eigne framsyningsprogram til lokalbefolkninga. Noko som mange sette ekstra stor pris på, var at dei fekk reise litt rundt på Færøyane og oppleve den iaugefallande naturen som er der.

Nordlek-stemnedeltaking er ikkje berre dans, det er òg kulturutveksling og naturoppleving. Det er stifting av nye vennskap og det er utviding av horisontar. Spesielt for ungdommane som var samla til Sommarleir i dagane før HAVLEIK er desse møta verdifulle. Å få moglegheit til å treffe andre på same alder med same interesse som ein sjølv er både spanande og lærerikt. Det å bli kjent med fleire som driv med folkedans-, eller musikk, kan gi større motivasjon til å fortsetje å danse og spele. Sommarleiren for ungdom i forkant av Nordleik-stemna er ein unik sjanse for ungdom til å skape sin eigen arena og til å knyte vennskap før sjølve stemnet begynner, og det er ein ekstra motivasjon for ungdommar til å reise. Frå Noreg skulle åtte ungdommar delta på Sommarleiren, men diverre var det fleire som ikkje rakk fram på grunn av streik og uvêr. Då kan dei heller glede seg til neste nordiske Sommarleir i 2024.

Framsyning

På den siste dagen av stemnet hadde alle landa moglegheit for å planlegge framsyningar. Nokre reiste rundt i Tórshavn og hadde framsyning på kjøpesenter eller sjukeheimar, medan andre hadde sine framsyningar i sentrum. Planen var å ha framsyningane i sentrum utandørs, men på grunn av kraftig regn vart desse flytta inn i den gamle teatersalen i Tórshavn. Den gul-, og raudmåla teatersalen kunne minne veldig om eit ekte ungdomshus, med scene, galleri og stort dansegolv. Ikkje rart at mange av dei norske fann seg til rette der. Uheldigvis gjorde flyttinga av framsyningane innandørs at det kom lite publikum bortsett ifrå andre stemnedeltakarar, men vêret er det lite å gjere med.

For dei som viste fram sine danseprogram på kjøpesenter og sjukeheimar var det fleire publikummarar. Det er fint å kunne ha noko å arbeide fram mot på øvingar heime, så å få syne fram danseprogrammet sitt til eit publikum er ekstra kjekt. Danseframsyningar (Ev. lenke til tekst om framsyningsdans: https://www.ungdomslag.no/magasin/eit-hove-til-a-vise-seg-fram/)  på stemne er noko som høyrer med og for fleire lag er dette ein motivasjon å ta med seg på øvingane heime. Når ein øver inn eit program i fellesskap blir det òg naturleg for heile laget å reise saman på tur. På denne måten er stemnedeltaking både sosialt og med på å knyte band i eige lag.

Alt tek ein ende - òg dette stemnet

Eit godt gjennomført stemne treng ein skikkeleg avslutning, og det fekk HAVLEIK-deltakarane så absolutt. Heile stemnet vart avslutta med storstilt gallamiddag med nær 600 gjestar i idrettshallen i Tórshavn. Festkledde dansarar og musikarar kunne nyte ein treretters middag medan representantar frå stemneleiinga og dei nordiske landa heldt takketalar og gratulasjonar. Det som for mange kanskje var det artigaste under middagen, var allsongen med tilhøyrande færøysk engasjement. Det er ikkje alle stader ein tek til å gynge og danse oppå stolane medan ein syng “Drømmen om Elin” eller andre allsongslagarar. Det skapte stor stemning kvar gong nokon drog i gong med dans til allsongen ved bordet.

Etter middagen var det sjølvsagt lagt opp til dans i to salar, der den eine salen var via til færøydans. Også denne kvelden hadde Noreg fått i ansvar å stå for musikken ei av øktene. Feststemte og mette stemnedeltakarar kunne danse og hygge seg uti dei seine nattetimar før dei pakka ned fele og dansesko, og reiste tilbake til overnattingsstaden. Då kvelden var omme var det berre å takke for alle opplevingane denne gongen og begynne å sjå fram mot neste stemne.

Allereie på flyplassen heim etter HAVLEIK var det fleire som begynte å glede seg til neste stemne. Det finn stad i Arendal 16.-21.juli 2024 og planlegginga av eit innhaldsrikt og spanande program er allereie godt i gang. Det er viktig å halde desse store nordiske stemna i hevd slik at framtidige generasjonar kan ha den same gleda av å møtast i dansen på tvers av landegrensene i mange år framover. Erfaringsutvekslinga og kulturutvekslinga er uvurderlege, og det er fint å få oppleve det nordiske slektskapet ein kan finne i både dansen, musikken, språket og kulturen elles.

Meir informasjon om NORDLEK 2024 kan du finne på desse nettsidene: https://www.nordlek2024.no/

I 2023 finn BARNLEK stad i Lerum i Sverige. Meir informasjon her: https://barnlek2023.se/

Har du lyst å lese meir om danseleiing? Da kan du lese denne saka i magasinet vårt