CIOFF: International Council of Organizations of Folklore Festivals and Folk Art

Har du og dansegruppa di lyst til å utveksle kultur og tradisjon med grupper frå utlandet? Eller kanskje reise på festival? Gjennom CIOFF kan vi skaffe deg kontaktinfo til festivalar og dansegrupper over heile verda! 

Kva er ein CIOFF-festival?

At ein festival er knytt til CIOFF-nettverket, vil seie at festivalen på visse premissar tar imot folkedansgrupper, som kan vise fram tradisjonelle folkloreframsyningar frå sine land. I nettverket finst 380 festivalar over heile verda!  

Dansegruppa må sjølv betale reiseutgiftene tur/retur til grensa i det landet der festivalen blir arrangert.

Ta kontakt med NU-kontoret om dette er aktuelt.