logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Bli folkedansinstruktÝr!

Frå dansar til instruktør

Noregs Ungdomslag er den einaste organisasjonen som tilbyr instruktøropplæring i norsk folkedans.

Frå god dansar...

Vegen til å bli ein god dansar og instruktør startar på dansegolvet. Dans så mykje og kor ofte du kan! Dansetreninga får du i nærmiljøet ditt, i lokallag og fylkeslag; på faste øvingar, kurs, festar, festivalar med meir. Her får du det viktige grunnlaget du treng for å bli ein god dansar.

...til instruktør

Som instruktør er du førebilete, gruppeleiar og formidlar av kunnskap. Ein kan lære å danse på mange ulike måtar, og kanskje er nettopp det heile poenget! Artikkelen "Aldri uten dansesko" seier noko om dette.

Det finns og mange ulike måtar å lære bort dans, og NU vil at kvar einskild instruktør skal ha eit bevisst forhold til pedagogiske val.

Grunnleggande instruktørkurs, folkedans

Dette helgekurset blir arrangert av fylkeslag eller lokallag.

Les studieplanen for kurset her.

Sjekk kalenderen på NU si heimeside for oversikt over når og kor det blir arrangert slikt kurs i din region. Målet med kurset er å gi deltakarane innblikk i instruktørrolla og eit felles fagleg grunnlag.
Målet med kurset: Få eit innblikk i instruktørrolla og eit felles fagleg grunnlag for vidare instruktøropplæring i NU.
Forkunnskap: Deltakarane bør kunne danse ein eller annan form for dans.

Instruktørkurs

Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske dansekurs med noko gruppearbeid og teori. Kursa blir arrangert vår og haust i regi av Noregs Ungdomslag, sentralt. Ein kan ta modulane i kva rekkjefølgje ein ønskjer.

Mål: Deltakarane skal bli gode danseførebilete, kjent med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring, samt kunne løyse teoretiske og praktiske oppgåver knytt til det å leie ei gruppe.
Forkunnskap: Grunnleggande instruktørkurs, folkedans eller tilsvarande.

Modul 1

Dette kurset vil ha instruktørrolla som hovudfokus. Målet er at deltakarane skal få kunnskap om mellom anna gruppeleiing, læring, formidling og dans/bevegelse.

Les studieplanen for kurset her.

Modul 2

Dette kurset vil ha dansaren i hovudfokus. Målet er at deltakarane skal bli gode danseførebilete og medvitne om eigen dansestil og teknikk.

Les studieplanen for kurset her.

Fordjupingsarenaen i NU

Ein viktig arenae for vidare læring, utvikling og spesialisering. Desse kursa vil du finne på fagseminar, instruktørsamlingar og regionale storkurs (sjå kalender).

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt