Noregs Ungdomslag søkjer kulturrådgjevar-vikar

Noregs Ungdomslag (NU) er ein kulturorganisasjon som skaper levande lokalkultur. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 13 000 medlemmer og over 300 lokallag rundt om i heile landet.   

Kulturrådgjevar (vikariat) 

Noregs Ungdomslag har ledig eit eittårs vikariat i 100% stilling som kulturrådgjevar. Kulturrådgjevarane våre følgjer opp organisasjonen sitt arbeid innanfor dei ulike fagfelta. Vikariatet vil ha oppgåver innanfor både opplæring, levande kulturarv, teater og folkedans.  

Sentrale oppgåver: 

  • Oppfølging av gjesteinstruktørordningane 

  • Utvikling, planlegging og gjennomføring av kurs og andre arrangement 

  • Utvikling av fagleg tilbod retta mot medlemmer og lokallag. 

  • Utvikling og oppfølging av prosjekt 

  • Produsere innhald på nettsider og andre informasjonskanalar  

  • Oppfølging av arbeidsplan og styrevedtak. 

  • Utadretta kulturpolitisk arbeid. 

  • Kontakt med, oppfølging av og bistand til medlemmer og lokallag. 

Stillinga arbeider svært sjølvstendig på sine fagfelt, og stillinga vil bli forma av personen som har stillinga. Det er likevel eit tett samarbeid med dei andre tilsette i administrasjonen når det gjeld planlegging og gjennomføring av aktivitetar og tiltak som går på tvers av fagfelta.  

Vi håper du har følgjande kvalifikasjonar: 

  • Organisasjonserfaring eller erfaring frå det frivillige kulturfeltet 

  • Erfaring med å planlegge og gjennomføre små og store arrangement. 

  • Kjennskap til fagområda våre 

  • Evne til å sette deg inn i nye fagområde og nye arbeidsmetodar 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

  • Komfortabel i bruk av digitale verktøy  

  • Minimum 3-årig høgare utdanning. Tidlegare arbeidserfaring kan kompensere for dette kravet. 

Hos oss får du: 

  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver, med store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag. 

  • Engasjerte og dyktige ungdomslagsmedlemmer og tillitsvalde. 

  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø, i kontorfellesskap med fleire frivillige organisasjonar på kulturfeltet, sentralt i Oslo sentrum. 

  • Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter tariffavtale. 
      

Praktisk om stillinga: 

  • Eittårs vikariat i 100% stilling 

  • Noko reiseverksemd og kvelds-/helgearbeid må påreknast. 

  • Administrasjonsspråket i Noregs Ungdomslag er nynorsk 

  • Oppstart så snart som mogeleg 


For spørsmål ta gjerne kontakt med generalsekretær Magni Hjertenes Flyum, på telefon 934 22 756 eller kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehol, på tlf. 24 14 11 15. Send søknad og CV til magni@ungdomslag.no innan 1. oktober 2023.