Rationelt Fjøsstell i ny drakt

Noregs Ungdomslag si 125års-feiring i 2021 vart markert med ulike aktivitetar og utgivingar. Ein av desse var omskrivinga av teaterstykket Hulda Garborg skreiv i 1896, Rationelt Fjøsstell, same år som NU vart skipa. "Rationelt Fjøsstell" har hatt stor betyding for teaterarbeidet i NU, og er eit av dei stykka som har blitt sett opp flest gonger i Noreg. Vi ville skrive om stykket slik at det passa inn i notida, og fekk med oss forfattar Olaug Nilssen med på laget. Ho er blant anna dama bak romanen “Få meg på, for faen” som seinare vart til ein populær spelefilm med same namn.  

Om stykket:  
Det viktigaste i stykket er at Anne vil selje garden, medan sonen Ingar vil overta garden og legge om drifta til gardsturisme. I Olaug sin variant er det vindkraftutbygging som er grunnen til at Anne vil selje, dette kan de lett byte med noko som høver betre for dei lokale forhold. Det same gjeld surfinga til Janne Pederesen, det kan vere andre fasilitetar i bygda ho har interessert seg for – men her heng vindkraftutbygginga saman med moglegheit for surfing.  

Handlinga finn stad i ein norsk småby/byg. Tid: 2022.  
I staden for dialekt, er heile teksten skrive på nynorsk. Når teksten skal framførast (til dømes i ungdomslaga), brukar de sjølvsagt dialekta i den aktuelle bygda.  

Denne nye versjonen av stykket gir med andre ord godt med rom til tilpassingar etter kva som passar ditt lokallag eller di bygd best.  

Det viktigaste i stykket er at Anne vil selje garden, medan sonen Ingar vil overta garden og legge om drifta til gardsturisme. I min variant er det vindkraftutbygging som er grunnen til at Anne vil selje, dette kan de lett byte ut med noko som høver betre for dei lokale forhold. Det same gjeld surfinga til Janne Pedersen, det kan vere andre fasiliteter i bygda ho har interessert seg for – men her heng vindkraftutbygginga saman med mogelegheit for surfing. 

Handlinga finn stad i ein norsk småby/norsk bygd. Tid: 2022. 
I staden for dialekt, er heile teksten skrive på nynorsk. Når teksten skal framførast (til dømes i ungdomslaga), brukar de sjølvsagt dialekta i den aktuelle bygda. 


Du kan bestille manuset til lesing eller framføring her.