NU-helga 2023 - meld deg på

Noregs Ungdomslag inviterer til ei helg for både fylkeslag, folkedansinteresserte og teaterinteresserte i hovudstaden 27.-29. oktober 2023. Det blir landsrådsmøte for fylkeslaga, seminar, samling på teater- og folkedansfeltet, feiring av BLS 100 år og vårt fyrste nettverksmøte for folkedans og teater. 

Vi håpar de vil dele helga med oss for ny fagleg input, inspirasjon og erfaringsutveksling. 

 

Påmelding 

Alle som skal delta på heile eller deler av helga melder seg på i dette skjema: https://forms.office.com/e/t8Hh0nmWRR.
Fristen var mandag 16. oktober, men vi har framleis ledige plassar på det meste av programmet. Meld deg på om du ynskjer å delta, så tek vi kontakt dersom det skulle vera noko problem.

Det er mogleg å delta på fleire ulike programpostar, men ein kan berre velge ein programpost som går parallelt med ein annan. Laurdag må ein velge mellom landsrådsmøte, folkedans- eller teatersamling. Sundag velger ein mellom nettverksmøte for folkedans eller teater. 

PS: I påmeldinga er det fyrst i del 2 at du får meldt deg på dei ulike faglege og sosiale delane av programmet.

Overnatting 

I påmeldinga kan du også tinge overnatting i enkelt- eller dobbeltrom på Radisson Blu Scandinavia hotel på Holbergs plass.
Prisar per rom, per natt:  
1650,- Enkeltrom for 1 person  
1750,- Dobbeltrom for 2 personar  

 

Program

FREDAG 27.10.23 

Hulda Garborg og Klara Semb: Politikk, kultursyn og arbeid. 

Om seminaret: 
Kva har dei to Superheltane betydd for Noregs Ungdomslag? Meir info kjem.

Med: Johan Einar Bjerkem 
Tid: Kl. 19-21 
Stad: Info kjem
Pris: Gratis

 

LAURDAG 28.10.23 

Landsrådsmøte 

Om møtet: Landsrådet er eit rådgivande organ for styret, og er samansett av fylkeslagsleiarane. Landsrådet handsamar og gjev tilrådingar til styret i saker som styret legg fram for det. Landsrådet kan også ta opp eigne saker. Fylkeslaga har møteplikt på møtet, så dersom fylkeslagsleiaren ikkje har høve til å møte, kan ein sjølvsagt stille med ein annan representant frå fylkeslaget. Det er også mogleg å stille med fleire representantar frå fylkeslagsstyret om ein ønskjer dette. Program og saker til landsrådsmøtet kjem snart.  

Målgruppe: Fylkeslaga i NU 
Tid: Kl. 10-16 
Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel, Holbergsgate 30, Oslo 
Pris: 845,- (inkl. Lunsj) 
 

Folkedanssamling 

Om samlinga: Vi inviterer erfarne folkedansarar og instruktørar til ei folkedanssamling der vi ynskjer å dykke ned i tema som angår dagens folkedansinstruktørar. Dette blir ei samling der vi set fokus på erfaringsutveksling, inspirasjon, bygge nettverk, fagleg påfyll og ein sosial møteplass for dykk som dansarar og instruktørar. Noko av dagen vil vera felles for alle, medan andre tema vil vi dele oss opp etter kva ein er mest interessert i å jobbe med. I påmeldinga ynskjer vi at du oppgir kva du er mest interessert i av tema nordiske samdansar til NORDLEK 2024 og det å læra bort samdansteknikk. 

Vi har fått med oss Marianne Dahl og Torill Schinstad til å ta oss gjennom nokre av dei nordiske samdansane til NORDLEK i Arendal 2024. Dansane kan du gjerne lesa deg opp på i forkant her.  

Siri Mæland frå NU-styret, som også er tilsett ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans, byr på klipp frå arkivet i Trondheim som vi håpar de vil vera med å sjå og diskutere kring.  

Vi får også møte ein instruktør (info kjem snart) som vil jobbe med danseinstruksjon med fokus på samdansteknikk, korleis vi kan lære bort og gjere andre til betre dansarar.  

Dagen vil bestå av formidling, utprøving, diskusjon, erfaringsutveksling og aktuelle problemstillingar som ligg i det å vera instruktør og dansar i dag. Vi ynskjer deltakarar som har interesse av å dele eigne erfaringar og som vil la seg inspirere av andre sine tips og triks. Vi trur samlinga blir endå betre med ein dynamisk modell mellom deltakarar, innleigde instruktørar og oss på NU-kontoret. På slutten av dagen håpar vi at vi alle sit att med meir kunnskap og auka inspirasjon til å halde fram med folkedansaktivitet eller til å starte nye prosjekt. Denne samlinga vil også danne eit godt grunnlag for fruktbare diskusjonar i nettverksmøte for folkedans sundagen same stad. 

Kom gjerne med ynskje eller innspel til samlinga i forkant til solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no.


Målgruppe: Erfarne instruktørar og folkedansarar 
Tid: Kl. 10-16 
Stad: Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, Oslo 
Pris: 300,- (inkl. Lunsj) 

 

Teatersamling 

Om samlinga: 
Ønskjer du å lære om revy mens du har det gøy i lag med andre? I løpet av teatersamlinga skal vi utforske revy-sjangeren gjennom teori, øvingar og leik. Dette er eit finn høve til å skape nye nettverk, få ny kunnskap og få ein god dose latter.  

Målgruppe: Efarne og semi-erfarne amatørteateraktørarar.  
Tid: Kl. 10-16 
Stad: Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, Oslo 
Pris: 300,- (inkl. Lunsj) 

 

Felles middag 

Bli med på felles middag før vi går på festforestillinga til BLS. Det blir hovudrett og dessert, info om meny kjem.
Tid: Kl. 17-18:30 
Stad: Kaffistova, Kristian IVs gate 2, Oslo
Pris: 650,- 

 

100 år med bygder i byen – BLS 100 år 

Folkedans, folkemusikk, korsong, leik og teater i ei humørfylt framsyning bygd på aktivitetar som har prega lagslivet i Bygdelagssamskipnaden (BLS) gjennom 100 år. Nyskriven musikk og nyskrivne tekstar bind det heile saman og i orkesteret sit den kunstnarleg ansvarlege Vegar Vårdal saman med Tuva Færden og Frode Hatli. På scenen får vi oppleve over 120 barn og vaksne frå Barnelaget, Bygdelagskoret Blåne, Songlaget i BUL, Te-Nord, Teaterlaget i BUL, Symraern, hallingdansarar, bygdedansarar og folkedansarar frå ulike lag i Bygdelagssamskipnaden.  

Etter framsyninga blir det dans til Østerdølenes Spellmannslag og lett servering i foajeen.  

Arrangørane oppmodar om å koma festkledd, gjerne i bunad. 

Tid: Kl. 19 
Stad: Det Norske Teatret, Kristian IVs g. 8, Oslo 
Pris: 460,- (vaksne), 230,- (ungdom tom. 25 år), 150,- (born opp til 18 år) 

 

SØNDAG 29.10.23 

Nettverksmøte folkedans 

Om møtet: Rådsmøtet er eit nettverksmøte for faglege diskusjonar og utveksling av kunnskap og erfaringar knytt til folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag. Nettverket er åpent for interesserte frå alle lag i Noregs Ungdomslag. Dette er vårt fyrste nettverksmøte og vi ynskjer ein god dialog med folkedansfeltet i NU på kva som er det viktigaste å jobbe med på feltet framover.  

Det fyrste møtet vil ta utgangspunkt i folkedansstrategien med særleg fokus på utvikling av og arenaer for folkedansinstruktørar, korleis utvikle Folkepedia vidare, og korleis nettverket skal formast og fungere framover. I tillegg vil vi orientere om aktuelle folkedanssaker som NU sentralt arbeider med. Det blir mykje gruppearbeid, diskusjon, erfaringsdeling og moglegheit for å gje innspel, råd og å stille spørsmål. 

Send oss gjerne tankar om tema de vil løfte i møtet, utfordringar de opplever i folkedansmiljøet eller spørsmål i forkant. Kontakt: solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no.  
Tid: Kl. 9-12, avsluttast med felles lunsj kl. 12 
Stad: Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, Oslo 
Pris: Gratis 

 

Nettverksmøte teater 

Om møtet: Rådsmøtet er eit nettverksmøte for faglege diskusjonar og utveskling av kunnskap og erfaringar knytt til teaterarbeidet i Noregs Ungdomslag. Nettverket er ope for interesserte frå alle våre medlemslag. Dette er vårt fyrste nettverksmøte og vi ynskjer ein god dialog med teaterfeltet i vår organisasjon på kva som er mest viktig å jobbe med på feltet framover.  

Kvifor er teater viktig for Noregs Ungdomslag og korleis skal teaterarbeidet sjå ut i framtida?  

Om det er noko spesielt de vil ha diskutert på nettverksmøte, send det på førehand på e-post til mona@remove-this.ungdomslag.remove-this.no
Tid: Kl. 9-12, avsluttast med felles lunsj kl. 12 
Stad: Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, Oslo 
Pris: Gratis 
 

 

Detaljert program for dei ulike programpostane vert sendt ut i forkant av NU-helga. Har du innspel, ynskje eller spørsmål kan du gjerne sende dei til post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no.