logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Nordic dance 2012

Nordic  Dance er eit nordisk talentprosjekt for ungdom mellom 18 og 26 år som dansar folkedans eller speler folkemusikk. Fire folkedanstalent og fire folkemusikktalent frå Danmark, Sverige, Finland og Noreg skal lage ei forestilling som vil ha premiere under det nordiske folkedansstemnet Nordlek 2012 i Steinkjer.

 

dsc_0640.jpg 300x200

Bygger på erfaringar
Noregs Ungdomslag har gjennomført nasjonale talentprosjekt for folkedansarar i fleire år, og Nordic dance 2012 bygger vidare på erfaringar frå mellom anna Sans for dans - prosjekta. I Noreg har vi eit mangfald av lokale dansetradisjonar og dei nasjonale prosjekta har handla om å fordjupe seg i eigen tradisjon, samt finne eigen og felles identitet som dansar.

Saman med profesjonelle folkedansarar, musikarar og koreografar har dei satt dette inn i ei moderne ramme på scena. I Nordic dance 2012 vil vi tenkje nasjonale dansetradisjonar, identitet og nyskaping, og sjå dette i ein fellesnordisk samanheng.

Gjennom prosjektet vil talenta utvikle seg som dansarar eller musikararar, lære mykje om det å lage ein produksjon og ikkje minst om det å arbeide saman i eit stort ensamble.

dsc_0618.jpg 300x188

 

I frå Noreg er desse ungdomane med i prosjektet: Anbjørg Myhra Bergwitz, Audun Grüner Hegge, Silja Solvang, Åshild Kjosvatn, John Brodal og Gard Nergaard. 

Pedagogisk og kunstnarleg ansvarlege er Vegar Vårdal (Noreg) og Paula Kettu (Finland). 

Alle øvingshelgene er i Oslo, Voksenåsen konferansesenter. Første samling blir 6. - 8. mai. 

 

 

 

 

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt