logo  
  meny  
  meny  
:: Om NU    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Langtidsprogram 2011 - 2014

Styrke kvarandre slik at vi tør


Noregs Ungdomslag skal kjenneteiknast av aktive lokallag som inspirerer, tar vare på og utviklar sine medlemmer fagleg, sosialt og organisatorisk. 


Organisasjon

Noregs Ungdomslag skal vere ein samla organisasjon på tvers av generasjonar. For å vere ein organisasjon med  stolte medlemmer, levekraftige lokallag, vitale fylkesledd og eit ressurssterkt sentralledd, treng ein eit systematisk fokus på organisasjonsbygging:

-       Medlemstalet skal aukast med 10% innan utgangen av planperioden.

-       NU skal ha gode system for rapportering og kontakt med lokallaga, slik at alle lokallag oppfyller lagsdefinisjonen i lova til NU.

-       Alle lokallag i Noregs Ungdomslag skal ha eit velfungerande regionlag

-       Systematisk opplæring av tillitsvalde på alle nivå i organisasjonen.

-       NU skal vere ein viktig kulturpolitisk aktør

-       Nu skal videreutvikle lagshusa som sentrale møteplassar i lokalsamfunna

 

Barne- og ungdomsarbeidet

Barn og unge skal finne eit trygt og inkluderande miljø i Noregs Ungdomslag.  Dei yngste medlemmene skal få auka medverknad i organisasjonen både lokalt og sentralt.

 

Folkedansarbeidet

Folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag skal vere prega av at lokale og nasjonale aktørar utforskar nye dansearenaer, både sosialt og scenisk.  Vi skal vere spesielt nyfikne på våre nye dansekulturar, og gjennom neste periode skal det trekkast nye liner for kva som kan kallast norsk folkedans.

 

Teaterarbeidet

Det sceniske uttrykket i amatørteatret skal spegle mangfaldet i samfunnet. Alle som vil skal kunne bidra i teaterarbeidet på sine premissar med sine ressursar. Nettverket mellom lokallaga skal styrkast slik at lokallaga kan dra nytte av den totale kompetansen organisasjonen forvaltar.  Noregs Ungdomslag skal ha fokus på kvalitet i teaterarbeidet.

 

Bunadarbeidet

Bunadsmiljøet i Noregs ungdomslag skal vere spennande, mangfaldig og inkluderande. Vi skal halde fram arbeidet med bunadsopplæringa og gje grunnkunnskap til nye og gamle tradisjonsberarar.

Vedteke på Landsmøte i Noregs Ungdomslag i Oslo, april 2010.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt