logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Danselyst - eit undervisningsopplegg i norsk folkedans

Bestill boka her

DANSELYST

Ordinær pris: kr. 590,-
Pris, medlem i NU/Musikk i skolen: kr. 490,-

Danselyst er først og fremst eit undervisningsopplegg for bruk i grunnskolen, men det er òg nyttig for andre som ønskjer å skaffe seg kjennskap til norsk folkedans, kanskje særleg dei med mål om å formidle stoffet til andre. For kvar dans blir det vist til eitt eller fleire musikkstykke og eksempler på dei to CD-ane og DVD-en som følgjer med.


Danselyst inneheld forutan 40 detaljerte danseforklaringar, også eit historisk oversyn over norsk folkedans, oversikt over terminologi (ulike steg, tak o.s.b.), metodiske tips og ei liste over bøker og organisasjonar der du kan få meir informasjon om norsk folkedans.

Dansane er ordna etter alder og delt i kapitler etter hovudtype. Metodiske tips og lett forståeleg forklaring av terminologien gjer det enkelt å kome i gang med dansen i klasserommet. Dansane er meint å passe til alt fra leik til rekneøvingar. Utvalet er gjort for å vise dansar som er representative for dei ulike hovudgruppene innanfor norsk folkedans, utan at dei er for kompliserte å lære. Dansane er og godt kjende i folkedansmiljøet, og eigner seg for barn og unge. Nokre av dei beste dansarane og spelemennene i Norden deltar på CD-ane og DVD-en.

Opplegget er utvikla av tillitsvalde i Noregs Ungdomslag.
Utgitt gjennom Musikk i skolen sitt forlag. ISBN: 978-82-91007-16-8

La boka hjelpe deg å bringe lokalhistorie, musikk, moro og ikkje minst danselyst inn i skoledagen!

Dansetypar og dansar/leikar i Danselyst:

Bygdedans: Halling, Parhalling, Springar.
Runddans: Vals, Polka, Reinlendar, Øving av rundsnu.
Turdans: Langedans, Danse Jase, Tretur frå Hornindal, Tretur frå Strandvik, Seksmannsril frå Asker, Seksmannsril frå Asker - forenkla, Tremannsril frå Aure, Bytereinlendar, Klappdans frå Østfold, Klappdans frå Østfold - forenkla, Treklappdans i ring, Treklappdans på rekkje, Polonese, Marsj, Firetur frå Stange, Åttetur frå Asker, Åttetur frå Asker - forenkla.
Songdans: Liti Kjersti og elvekongjen, Kråkevisa, Håvard Hedde, Strilevise, Bukkevisa, Alle mann hadde fota, Hei løsti, Færøydans.
Songleik: Ikødnet, Stekte harra og gjødde svin, Til sæters, Kari går i ringen, Trollgubben Lurvelegg, Jomfru, jomfru (Karusellen), Danse i en ring, Vet du hva som hendte meg i går? (Tre små lopper).

DANSELYST-KURS for lærarar

Noregs Ungdomslag har nå utvikla kursopplegg retta mot lærarar og anna pedagogisk personale i barnehage og skole. Kurslærarar blir lært opp i løpet av januar/februar.

I samarbeid med Musikk i skolen, arrangerer NU Danselyst-kurs våren 2009.

På Danselyst-kurset får du lære å danse og undervise over 40 ulike folkedansar innan alle hovudtypar folkedans. Opplegget vert presentert av dei aller dyktigaste folkedansinstruktørane i landet. I tillegg får du musikk, instruksjon på film, metodiske tips, dansehistorie og lure tips gjennom danselystpakken. Gjennom Danselyst-kurs lærer du å formidle danseglede og korleis du kan tilpasse undervisninga til deltakarnivå og alder.

Ønskjer du Danselyst-kurs til kommunen din? Spør oss om pris.

DANSELYST – PROSJEKT/ KURS for elevar

Noregs Ungdomslag vil til våren formidle lærarar til dansekurs og prosjekt for elevgrupper i skole, barnehage og lag.

Ønskjer du lærar til Danselyst-prosjekt? Spør oss om pris.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt