logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Utgreiing om folkedansen

Johan Einar Bjerkem, f.1969, frå Steinkjer er tilsett som utgreiar og prosjektleiar for ei utgreiing om folkedansen i Noreg. Bak utgreiinga står Rådet for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag og FolkOrg.

 
Johan Einar Bjerkem

Rådet for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag og FolkOrg har tatt initiativ til ei utgreiing om folkedansen i Noreg. Arbeidet skal resultere i ein rapport.

I 2001 kom Georg Arnestad sin rapport om folkemusikk og folkedans i Noreg, der han konkluderte med at folkedansen står i ei særstilling. Siden den gong har folkemusikkfeltet vorte omorganisert, ein har fått signal om at folkedansen er i vanskar og Noreg har implementert UNESCO sin konvensjon om den immaterielle kulturarven. 

Johan Einar Bjerkem er tilsett som utgreiar og prosjektleiar. Bjerkem er utdanna Cand. Philol frå universitetet i Oslo og har stor kjennskap til folkemusikk og folkedans. Han er i dag dagleg leiar for stiftinga Hilmar Alexandersen og Hilmarfestivalen i Steinkjer.Bjerkem har lang erfaring frå større publikasjonar og forfattarskap, og har gitt ut bøker på fleire forlag i tillegg til å ha erfaring som forfattar og medforfattar av fleire utgreiingar for offentlege instansar.

Organisasjonane har sett ned ei resursgruppe som skal følgje opp utgreiingsarbeidet i tett samarbeid med utgreiar. Gruppa skal sikre dei tre partane sine interesser i utgreiinga samt fungere som fagkunnige, faglege støttespelarar for utgreiaren.

Resursgruppa er sett saman av følgjande:

Gro Marie Svida (leiar) (Rådet)

Egil Bakka (Rff-sentret)

Synnøve Jørgensen (NU)

Marianne Dahl (NU)

Sigurd Johan Heide (FolkOrg)

Frode Rolandsgard (FolkOrg)

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt