logo  
  meny  
  meny  
:: Heim    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Samarbeid mot mobbing

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vitja landsmøtet til NU, og uttrykte stor glede over engasjementet for vaksenopplæring og krafttaket mot mobbing.

 
Kristin Halvorsen og Kristian Fjellanger. Foto: Daniel Heggelid-Rugaas

Halvorsen bad i si helsing om at dei frivillige organisasjonane blei med på samfunnsdugnaden til regjeringa som var lansert tidlegare i år.

- De er ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet mot mobbing, sa Kristin Halvorsen. 

Halvorsen peika på at frivillige organisasjonar som Noregs Ungdomslag er ein av dei viktigaste fora for deltaking og utvikling for barn og unge i Noreg. 

- Vi må jobbe sammen. Det er så bra at Noregs Ungdomslag er med på jobben, avslutta Halvorsen. 

I eit forslag til fråsegn frå styret i NU, blir det foreslått at NU vil forplikte sine lokallag til å arbeide mot mobbing og for ein inkluderande og frilynt organisasjonskultur. 

- Vi etterlyser eit initiativ frå styresmaktene når det gjeld mobbing i frivillige organisasjonar. 91 prosent av alle barn og unge er medlem i ein frivillig barne- og ungdomsorganisasjon og deltar kvar veke i ulike aktivitetar, seier styreleiar Kristian Fjellanger. 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt