logo  
  meny  
  meny  
:: Heim    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Landsmøte i NU 2011

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte i 2011 startar laurdag 9. mai. Over 100 delegatar, tillitsvalde og gjester gjer seg klar til å drøfte fråsegner, Folkedanspolitisk plattform og bli betre kjent.

Landsmøteforhandlingane startar klokka 10.00 på laurdagen og avsluttast klokka 15.00 på søndag. Landsmøtet er organisasjonen sitt høgste demokratiske organ, og staden der dei viktigaste avgjerdene som skal vere førande for NU det neste året vert fatta.

I tillegg til dei ordinære sakene (last ned sakspapir her), skal landsmøtet behandle forslag til politiske fråsegner frå styret.

- Styret har hatt som mål å legge til rette for gode politiske diskusjonar på møtet. Difor har vi sendt ut fleire forslag til ulike fråsegner som skal handsamast på landsmøtet, seier leiar Kristian Fjellanger.

Følgjande fråsegner er sendt inn:

  • Styrk folkebiblioteka – dei eigentlege kulturhusa
  • Ungdomshuset skal vere ein mobbefri arena
  • Landsmøtet i Noregs Ungdomslag ber SOS Rasisme om å leggje seg ned
  • Heilt konge med bunad
  • Tippenøkkelen
  • Møtestadar for alle generasjonar
  • Ungdom – ein aktiv part i samfunnet
  • Noregs Ungdomsalg krevj gratis øvingslokale
  • Enova og straumsparing
  • Elitekulturskule
  • Globalisert bunad
Landsmøtet får også framlagt forslag til Folkedanspolitisk plattform for Noregs Ungdomslag. I år blir det dessutan fleire miniseminar under landsmøtet, og delegatane kan velgje mellom fleire tema: Faner i ungdomslagsrørsla, ungdomshus, arbeid med politiske fråsegner eller omvisning på Riksscenen, som var opna i fjor haust.

Følg med på Twitter (hashtag: #nulm2011), på Facebook-sida til Noregs Ungdomslag eller sjå bilete på Flickr.

Årsmelding og rekneskap (pdf) kan òg lastast ned.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt