Påmeldinga til BARNLEK er opna

15.-19. juli 2020 vert det skipa til BARNLEK i Mölnlycke i Sverige. Dette er nordens største folkemusikk- og folkedansstemne for born og ungdom i alderen 8-16 år. BARNLEK skipast berre kvart tredje år og går på rundgang i dei nordiske landa gjennom samarbeidet i Nordlek.

Påmeldinga til stemner er utvida til 31. mars. Påmelding skjer som gruppe via elektronisk påmeldingsskjema. Det er ingen avgrensing i tal deltakarar, og det er ope for både NU-medlemar og andre som ikkje er medlem i NU. Meld gjerne frå til NU-kontoret om de har tenkt til å melde dykk på, så kan me følge dykk opp i tida framover og sørge for at de får informasjonen de treng.

Informasjon om stemnet finn du på denne sida (trykk her).

I tillegg kan du lese meir på arrangørens eigne heimesider www.barnlek2020.se.

Her melder du deg på (påmeldingsskjema finn du nedst på sida du kjem inn på)