Vinnarane av Kven veit? 2019 er kåra!

Resultat etter tredje og siste runde er no klar, og det er klasse 6A frå Bygstad skule som er juniorvinnarar. På andreplass er klasse 6B frå same skule, medan tredjeplassen går til tevlingsgruppe A frå Fjærland UL.

Teaterlaget i BUL Oslo er vinnarane av seniortevlinga, med tevlingsgruppe A frå Bergen UL Ervingen knappe 1,5 poeng bak. Ein spennande avsluttande runde gjorde at heile fem (!) lag deler tredjeplassen. Desse er Jentelaget til Skodje frilynde UL,  gruppe 1 i Vågå UL og Hugnad UL, Torpo, gruppe C frå Fjærland UL og Mariannes Venner frå Jondal UL. Gratulerer til alle!

Det var 407 deltakarar på 81 lag fordelt på 11 fylke som tevla i 2019. Premiane er (i tillegg til heider og ære)  2000 kroner til vinnarlaget, andreplass får kr 1000, og tredjeplass får kr 500.


Resultata frå tevlingsrunde 1-3:

Resultata frå seniortevlinga runde 1-3 samanlagt

Resultata frå juniortevlinga runde 1-3 samanlagt

Resultata frå runde 3: 

Resultat frå seniortevlinga runde 3

Resultat frå juniortevlinga runde 3